Utsikta frå hesteryggen

Early James syng for kveldsmaten.

Early James frå Alabama er truleg eit nytt namn for dei aller fleste.
Early James frå Alabama er truleg eit nytt namn for dei aller fleste. Early James frå Alabama er truleg eit nytt namn for dei aller fleste.
Publisert

Rock

Tida har vore ein tjuv heile vegen, konkluderer Early James i «High Horse», ein av fleire songar som festar seg på debutplata Singing For My Supper, der uskulda i oppveksten er eit stadig fjernare minne og lastene i vaksenlivet er mange og vert berre fleire.

Det å sjå seg tilbake i livet kan vel vere eit passande utgangspunkt for ein ballade. «High Horse» er ein slags meditasjon over eit slikt tilbakeblikk, der lakonisk livsvisdom vinn over moralsk etterpåklokskap: «I can’t remember the last time that I climbed a tree/ Now that I’m high there ain’t much that I want to see», heiter det i songen, for Early James er ikkje utan sjølvironi.

Når nokon får klar melding om å komme seg ned frå sin høge hest, er det gjerne fordi ho eller han ser på seg sjølv som moralsk overlegen. Uttrykket har sine etymologiske røter i mellomalderen, då berre dei med pengar og makt kunne vere i stand til å plassere seg på ryggen av ein sjølveigd hest.

Etter kvart gjekk tydingsrommet frå det bokstavlege til det figurative, og frasen kom til å skildre haldninga til dei som var velsituerte nok til å plassere seg godt over røkla. Du har sikkert stått under ein av desse statuane og sett opp på ein eller annan mann til hest der oppe på sokkelen, og tenkt ditt.

Rufsete og mild

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement