Utsikta
Loudon Wainwright syng og fortel om seg sjølv og sine, denne gongen på Netflix.
Loudon Wainwright klarer seg med få effektar.
Foto frå filmen
Sjølv om han var tilgjengeleg på Netflix før, hamna kanskje Loudon Wainwrights konsertfilm litt i skuggen av Bruce Springsteens Broadway-film, som hadde premiere eit par veker før jul gjennom same teneste, og som nok har langt breiare appell. Men begge er vel verde ein titt.
Som Springsteen klarer også Wainwright seg med lite: eit golvteppe, ein stol, eit gitarstativ, eit piano, men han unner seg også ein skjerm han gjer bruk av nokre gonger for å løyse litt opp i forma. Elles vil alle som har høyrt mannen på konsert vite at han kjenner intimformatet ut og inn – vi møter ein artist på heimebane. Det er også eit format som er som skapt for den vesle skjermen, noko Netflix tydelegvis har skjønt.
Det er eit påfallande trekk at begge desse markante artistane, sentrale i sin generasjon, er aktuelle med liknande show. Som Springsteen (f. 1949) er også Wainwright (f. 1946) oppteken av å lage ein slags munnleg sjølvbiografi i sceneformat, og det er tydelege liner frå dette sceneopptaket til boka Liner Notes: On Parents & Children, Exes and Excess, Death & Decay, & a Few of My Other Favorite Things (2017).
I showet til begge dei aldrande artistane er farsrelasjonen viktig, og i Wainwrights tilfelle styrer det storparten av forteljinga i dobbel forstand – i fleire minneverdige sekvensar framfører han tekstar faren, skribenten Loudon Wainwright, Jr. (1924-1988) forfatta, dei fleste av dei publiserte i spalta «The View From Here» (1964-1972) i Life Magazine. Det er eit særs vellukka grep.
Det at kvar generasjon i eldre år endar opp med å kjenne seg lik sine eigne foreldre, er eit kjært tema for Loudon Wainwright III, og her dannar det sjølve utgangspunktet – i den opnande tittelsongen «Surviving Twin.» Wainwright skildrar foreldra sine med øm nærleik og klok ettertanke, men ein sentimental, godhjarta mimretime vert det ikkje heilt, heller, til det er både far og son Wainwright for skarpe i kantane.
Trufaste lyttarar vil nok tole å høyre klassiske låtar som «A Father and a Son» (History, 1992), «Bein’ a Dad» (Little Ship, 1997) eller «White Winos» (Last Man on Earth, 2001) igjen, og for mange av dei som ikkje kjenner songane vil dei vere ei oppdaging.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.