Utsikt frå rom 232

Elena Tonra, eller Ex:Re, syng om kjærleikssorg.

Elena Tonra kallar seg Ex:Re, som tittelen på albumet.
Elena Tonra kallar seg Ex:Re, som tittelen på albumet.Elena Tonra kallar seg Ex:Re, som tittelen på albumet.
Publisert Sist oppdatert

Rock

«Lat meg utsetje utsjekk, lat meg vere her, lat meg bu her», syng Elena Tonra i «The Dazzler», midtvegs ut i albumet Ex:Re.

Det dreier seg om ein morgon då verda helst kan vente, då det finst trøyst i hotellrommets anonymitet, med stablar med handkle og små sjampoflasker, og, ikkje minst, med ein velfylt minibar.

Sorg og sinne

Det som ventar utanfor rom 232, er kjærleikssorga. Konseptalbumet Ex:Re plasserer seg ganske utvitydig i ein tradisjon av plater som tek føre seg brotet mellom to menneske, og den ulukka og misera det fører med seg i livet. I Tonras songar er det både sorg og sinne. Tonra har fortalt i intervju at ho laga materialet for seg sjølv, utan å vite kvar ho ville med det. Det tok tid å komponere og å skrive, medan innspelinga gjekk ganske fort.

Ex:Re er ein fiffig tittel med dobbel botn. På den eine sida kjenner vi «re» som ei engelskspråklig forkorting for «regarding», eller vi kjem ofte over det når vi ser på emnelinene i innboksen, der meldingar stadig får sine svar. Slik fortel tittelen at Ex:Re dreier seg om eksen, eller er eit tilsvar på ei melding om eksen. Men engelsk uttale peikar oss også i retning av «x-ray», som i røntgenstrålar, som gjer det mogleg for oss å sjå kva som skjuler seg under menneskekroppens overflate. Albumet er på mange måtar ei anatomisk undersøking av ein intens, uroleg sinnstilstand.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement