Utfordrar normalen

Rappe rim med kritisk og inkluderande bodskap.

Elizabeth Eden Harris står bak artistnamnet CupcakKe.
Elizabeth Eden Harris står bak artistnamnet CupcakKe.
Publisert

Chicago-artisten CupcakKe kom ut med nye album multiple gonger i 2018 – først med Ephorize i januar, deretter med Eden mot slutten av året, og sanneleg dukka det ikkje brått opp eit nytt spor på internettet i januar: «Squidward Nose», som ikkje berre har den Midtausen-inspirerte dabke- og raggaetonaktige beaten til felles med «Garfield», eit av dei mest umiddelbart fengjande låtane frå Eden-albumet: Ver åtvara, ingen av desse musikkstykka er noko for motfalne øyro. «Squidward Nose» brukar nasen til Svampebob Firkants blekksprutkompis (på norsk kjend som Bleke Fangarm) som målestokk for mannlege kjønnsorgan, og på liknande vis vil ein aldri meir kunne gruble over Pusurs fedme med uforderva sinn etter å ha fått refrenget til «Garfield» på hjernen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement