Utfordrar normalen
Rappe rim med kritisk og inkluderande bodskap.
Elizabeth Eden Harris står bak artistnamnet CupcakKe.
Hip-hop
CupcakKe :
Eden
Uavhengig utgjeving
Chicago-artisten CupcakKe kom ut med nye album multiple gonger i 2018 – først med Ephorize i januar, deretter med Eden mot slutten av året, og sanneleg dukka det ikkje brått opp eit nytt spor på internettet i januar: «Squidward Nose», som ikkje berre har den Midtausen-inspirerte dabke- og raggaetonaktige beaten til felles med «Garfield», eit av dei mest umiddelbart fengjande låtane frå Eden-albumet: Ver åtvara, ingen av desse musikkstykka er noko for motfalne øyro. «Squidward Nose» brukar nasen til Svampebob Firkants blekksprutkompis (på norsk kjend som Bleke Fangarm) som målestokk for mannlege kjønnsorgan, og på liknande vis vil ein aldri meir kunne gruble over Pusurs fedme med uforderva sinn etter å ha fått refrenget til «Garfield» på hjernen.
Men lat det ikkje vere tvil kring dette: CupcakKe, eller Elizabeth Eden Harris, er ein stor artist i både bokstaveleg og overført tyding. Med sitt enorme verbale talent meistrar ho å setje i hop maskingeværaktige rim grovare enn dei fleste, på same tid som ho utfordrar og utvidar det smale kroppsidealet som herskar i popkulturen. Og dersom lyttaren meistrar å høyre gjennom kroppsvæskene som flyt over, i og mellom linene, vil ein finne flust med viktige og usedvanlege kritiske perspektiv i tillegg til opprop om inkludering, openheit og evne til å sjå verdi i det som finst utanfor normalen – «A unique-thinking individual strongly matters», som ho seier i låta «A.U.T.I.S.M.».
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Hip-hop
CupcakKe :
Eden
Uavhengig utgjeving
Chicago-artisten CupcakKe kom ut med nye album multiple gonger i 2018 – først med Ephorize i januar, deretter med Eden mot slutten av året, og sanneleg dukka det ikkje brått opp eit nytt spor på internettet i januar: «Squidward Nose», som ikkje berre har den Midtausen-inspirerte dabke- og raggaetonaktige beaten til felles med «Garfield», eit av dei mest umiddelbart fengjande låtane frå Eden-albumet: Ver åtvara, ingen av desse musikkstykka er noko for motfalne øyro. «Squidward Nose» brukar nasen til Svampebob Firkants blekksprutkompis (på norsk kjend som Bleke Fangarm) som målestokk for mannlege kjønnsorgan, og på liknande vis vil ein aldri meir kunne gruble over Pusurs fedme med uforderva sinn etter å ha fått refrenget til «Garfield» på hjernen.
Men lat det ikkje vere tvil kring dette: CupcakKe, eller Elizabeth Eden Harris, er ein stor artist i både bokstaveleg og overført tyding. Med sitt enorme verbale talent meistrar ho å setje i hop maskingeværaktige rim grovare enn dei fleste, på same tid som ho utfordrar og utvidar det smale kroppsidealet som herskar i popkulturen. Og dersom lyttaren meistrar å høyre gjennom kroppsvæskene som flyt over, i og mellom linene, vil ein finne flust med viktige og usedvanlege kritiske perspektiv i tillegg til opprop om inkludering, openheit og evne til å sjå verdi i det som finst utanfor normalen – «A unique-thinking individual strongly matters», som ho seier i låta «A.U.T.I.S.M.».
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.
Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB