Ute av skapet og veit kvar det skal stå

Noregs første ope homofile rappar har stort digitalt scenetekke.

Foto: Dat Music AS
Foto: Dat Music AS
Publisert

Ein positiv biverknad av koronatiltaka er at vi får meir levande kvalitetsmusikk gjennom internett. Eit døme er konserten til Big Daddy Karsten (som i det siste har vore å sjå både på Blikk og =Oslo sine framsider) frå eit par veker tilbake. Videoen er framleis tilgjengeleg – søk etter «Big Daddy Karsten live fra Sentralen» på Facebook – og syner det som kan hende er den beste norske hiphopen sidan Side Brok.

Med seg på scena har Big Daddy Karsten Are Næsset, som blir presentert som «venn, DJ, produsent, Jesus» og som òg supplerer med koring. Rapparen Pats Nichols er med på låta «Tempo», @isacus93 bidreg med storslegen vogue-dans, og til slutt pryder artisten Ferdinand scene- og lydbiletet under avslutningsnummeret.

Tekstane her er ein fryd. Fiffige ordspel snirklar seg rundt djupe, knallharde beats med stor musikalitet og relevans. Hovudstraumshiphopen står ofte fram som sjokkerande reaksjonær – misogynien i gangsta-rapen er eit velkjent døme. Big Daddy Karsten leverer effektiv motgift mot konservativ kognitiv dissonans.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement