Utan kvasse kantar
Sjølv om Oslo-Filharmoniens framtidige sjefdirigent Klaus Mäkelä innfrir teknisk, var Beethoven-tolkinga hans lite særmerkt.
Frå og med hausten 2020 er finske Klaus Mäkelä (fødd 1996) Oslo-Filharmoniens nye sjefdirigent.
Foto: Heikki Tuuli
Det er ikkje sjølvsagt at det me i dag ser på som musikkhistoriske milepålar, blei motteke med applaus i samtida. Men dei må straks ha skjøna stordomen i verket, tilhøyrarane som møtte opp i Theater am Kärntnertor i Wien 7. mai 1824, til urframføringa av Ludwig van Beethovens Symfoni nr. 9 i d-moll, den me kallar «Korsymfonien». Dette trass i at komponisten her sprengde rammene for samtidas symfoniform: Ikkje berre er stykket på kring 70 minuttar uhorveleg langt. Det introduserer òg noko som var uhøyrt for symfonien, denne reine instrumentalforma par excellence, nemleg kor og songsolistar. Desse kjem i sistesatsen, i tonesetjinga av Friedrich Schillers (1759–1805) dikt «An die Freude» («Ode til gleda»).
Ståande applaus
Den jublande mottakinga under urframføringa skal den stokk dauve Beethoven i fyrste omgang ikkje ha merka noko til. Han stod nemleg vend mot musikarane – fyrst då altsolisten Caroline Unger tok tak i han og snudde han mot publikum, oppdaga han ekstasen i salen – damer vifta med lommetørkle og herrane kasta flosshatten sin i lufta.
Ståande applaus var det òg i Oslo konserthus førre fredag, etter at finske Klaus Mäkelä hadde dirigert Korsymfonien med Oslo-Filharmoniens kor og orkester. Sjølv om ståande applaus er regelen snarare enn unntaket på klassiske konsertar i Noreg: Fortente Mäkeläs prestasjon verkeleg slik respons?
Dristig val
Dette var den fyrste konserten den 23 år gamle Mäkelä heldt med Oslo-Filharmonien etter kunngjeringa om at han hausten 2020 overtek som sjefdirigent etter russiske Vasily Petrenko. Å tilsetja ein så ung musikar utan sjefdirigentrøynsle annanstads frå, var eit dristig val. Sjefdirigentstillinga i Oslo er trass alt ikkje noko talentutviklingsprogram.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.