Ut frå museet

Eit opptak frå 1973 ser dagens lys på Townes Van Zandts 75-årsdag.

Townes Van Zandt fotografert i september 1995 i samband med biografien som John Kruth skreiv.
Townes Van Zandt fotografert i september 1995 i samband med biografien som John Kruth skreiv.
Publisert

Eg skulle ønskje eg var ein snøkvit måne, syng Townes Van Zandt i tittelsporet på nye Sky Blue, ein song verda no får høyre for første gong, sjølv om opptaket vart laga i 1973: «being silent/ being silver/ till the break of day.» Trist og vakkert er det, som så ofte med låtane til denne artisten.

Respektert

Van Zandt, som ville ha vorte 75 år den 7. mars i år, høyrer med god grunn til mellom dei mest respekterte låtskrivarane vi har sett. Eit par tiår og vel så det har gått sidan han gjekk bort, første nyttårsdag i 1997, men dedikerte lyttarar har han heldigvis enno – noko eg fekk stadfesta då eg var på reise i sørstatane i haust, og trefte ein storøygd kar frå Dublin som drog med seg kameratane sine på ein lang, nattleg biltur for å leite etter eit hus Van Zandt hadde budd i.

På same reise vitja eg utstillinga Outlaws & Armadillos: Country’s Roaring ‘70s i Nashville, der Van Zandt figurerte, saman med låtskrivarar som Guy Clark og Billy Joe Shaver, og fekk æra for å ha løfta nivået nokre hakk med omsyn til kva country kunne vere for noko. Symptomatisk nok tok folk som Waylon Jennings, Kris Kristofferson og Willie Nelson meir plass i dei noko glatte romma til Country Music Hall – det vart til slutt sistnemndes versjon av Van Zandts klassiske «Pancho and Lefty» som toppa hitlistene.

Rått og ferskt

Songen dukkar opp på Sky Blue, i ein tidleg versjon. Fine tolkingar av låtar av Richard Dobson og Tom Paxton er også med, og i tillegg til «Sky Blue» er det ein song til her som vi ikkje har høyrt før, «All I Need». Begge er låtar fleire nok skulle ha gitt mykje for å kunne skrive, men som Van Zandt altså ikkje gav ut i si levetid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement