Ut av snøkaven for full musikk

The New Pornographers har framleis teken.

The New Pornographers kan det å skru saman kontante, fengande låtar.
The New Pornographers kan det å skru saman kontante, fengande låtar.
Publisert

Dei siste dagane har hovudet mitt vore eit akvarium som popmelodiar sym rundt i. Slik kjennest det i alle fall, når eg nok ein gong går om bord i bussen med Whiteout Conditions i øyreklokkene, eit lite høgdepunkt på den morgonfaste transporten inn til byen.

Den sjuande studioplata frå The New Pornographers er spekka med nynnevenleg rock. Det å skru saman kontante, fengande låtar er eit heilt eige handverk, og i dette bandet er det opp til fleire medlemmar som meistrar det til fingerspissane.

I særklasse

Songar er små konstruksjonar, noko som er reflektert i omgrepa vi nyttar når vi snakkar om populærmusikk: Tenk berre på kor viktig brua er for at det verkeleg skal klaffe. Og denne gjengen kan verkeleg brubygging: vers og refreng. For ikkje å snakke om korarrangement – dei er i særklasse på Whiteout Conditions.

Sidan bandet vart stifta i 1999, har fleire av medlemmane i The New Pornographers markert seg som knallsterke komponistar med eigne solokarrierar – kanskje særleg Neko Case og Dan Bejar (Destroyer).

Briljant tittelspor

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement