Usminka Beethoven

Steven Isserlis’ sonateframføring var alt anna enn eit spel for galleriet.

Steven Isserlis spela cellomusikk av Ludwig van Beethoven (1770–1827) i Troldsalen på Troldhaugen. Robert Levin akkompagnerte ved hammarklaveret.
Steven Isserlis spela cellomusikk av Ludwig van Beethoven (1770–1827) i Troldsalen på Troldhaugen. Robert Levin akkompagnerte ved hammarklaveret.

Konsert

Ludwig van Beethoven:

Cellosonatar og
-variasjonar

Steven Isserlis, cello; Robert Levin, hammarklaver.
Troldsalen, 29. mai

Cellospelet til engelske Steven Isserlis opplevde eg fyrste gongen på innspelinga hans av Antonín Dvoráks cellokonsert. Den leikande fraseringa hans og dei direkte, brutale ansatsane med bogen tiltalte meg. Og då eg las det personlege essayet hans i omslagsheftet, der han vyrdlaust hevda at Dvoráks spesielle måte å handsama celloen på til tider lét «som eit esel som lid neversamanbrot», fekk eg eit heilt spesielt inntrykk av mannen.

Mykjeseiande manke

Beethoven-konserten hans i Troldsalen, konsertsalen ved Edvard Griegs villa på Troldhaugen, stadfeste biletet mitt av denne uortodokse kunstnaren. Den gråkrøllete manken hans, voluminøs som ein barokkparykk, svinga i takt med bogerørslene. Og blikket, som veksla mellom stålhardt fokus og åndsfråvær, gav kjensla av at han fyrst og fremst spelte for seg sjølv, og at me publikummarar tilfeldigvis var så heldige å få oppleva det heile.

Og ei stor oppleving blei det. Saman med den amerikanske pianisten og Harvard-professoren Robert Levin gav han oss eit usminka bilete av Beethovens cellomusikk. Programmet byrja med Cellosonate nr. 1 i F-dur, op. 5:1, som var nybrottsarbeid i 1791, for dei to instrumenta er handsama heilt likeverdig. Både samspelet og samklangen imponerte; Levin nytta eit hammarklaver frå byrjinga av 1800-talet, som har «sprøare» ansats og kling linnare enn eit moderne flygel.

Gode overgangar

Tolv variasjonar for cello og klaver i F-dur, op. 66 (1796), fungerte som intermesso. Beethoven vrir og vender her på ein «hit» i samtida, W.A. Mozarts «Ein Mädchen oder Weibchen» frå syngjespelet Tryllefløyta. Rolla til dei to musikarane veksla frå variasjon til variasjon, og sjølv om dei aldri såg kvarandre i augo, skifte dei intuitivt mellom å vera solist og å vera akkompagnatør.

Cellosonate nr. 4 i C-dur, op. 102:1 (1815), er, ulikt dei to førre stykka, eit moge Beethoven-verk, det tyskarane kallar «ein Spätwerk». «Adagio»-opninga av andresatsen er eksentrisk, forma som eit instrumentalt resitativ, som Isserlis og Levin gav ein svivande og vag dåm. Overgangen til den snøgge, rytmisk markante «Allegro vivace»-delen er òg diffus, for det er som om Beethovens tankerekkje gradvis fell frå kvarandre, før han samlar seg att med veldig energi. Med svær boge- og mankesving sette Isserlis i gang allegroen, ein effekt som kan synast overdriven når han er skildra på prent. Men live hadde han stor verknad.