Uskuldige gleder

Vaporwaveartist med mange namn bidreg til å gjere fusion kult igjen.

Publisert

Nonlocal Forecast består av Angel Marcloid på tangentar, Angel Marcloid på gitar og Angel Marcloid på laptop og er berre eitt av den Chicago-baserte vaporwaveorienterte artistens over tjue alias. Eit anna av desse, det futuristiske, digitale metalorkesteret Fire-Toolz, har bidrege til sporet «Triangular Format» – det stemmer, ho har med seg sjølv som gjesteartist.

Ein del av det den fasetterte internettsjangeren vaporwave gjer, er å utfordre enkelte halvmogne hipsteridear om estetisk smak, ofte unnskyldt som halvironiske guilty pleasures, ved å manipulere og kombinere samplingar frå shoppingmuzak, gløymd 80-talspop, reklamar og new age-musikk på eksperimentelt vis. I tilfellet Nonlocal Forecast er det, i tillegg til new age-aktige fugle- og dyresamplingar – legg merke til den saumlause integreringa av hundebjeff og basstromme mot slutten av andresporet «Planck Lengths» – og syntetiske panfløytelydar, eit anna sett ofte uglesette sjangrar som blir prosesserte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement