Usikre tider

På sitt beste har musikken til Cowboy Junkies noko dvelande og hypnotisk over seg.

Tre søsken – Michael, Peter og Margo Timmins – stifta Cowboy Junkies saman med Alan Anton i 1985.
Tre søsken – Michael, Peter og Margo Timmins – stifta Cowboy Junkies saman med Alan Anton i 1985.
Publisert

Rocken har sine søskenflokkar, men det er saktens ikkje mange. Få har fått til eit så markant samarbeid som Margo (vokal), Michael (gitar) og Peter (trommer) Timmins, som saman med Alan Anton (bass) stifta Cowboy Junkies i 1985. Somme lesarar vil nok halde det klassiske albumet The Trinity Session (1987), innspela i Church of Holy Trinity i Toronto, kjært, men ha følgt bandet berre sporadisk i dei tre tiåra som har følgt.

Eg intervjua Margo Timmins for denne avisa sommaren for seks år sidan, og då reflekterte ho over korleis det var å vere songar i Cowboy Junkies. «Rolla mi er å ta mine eigne erfaringar til songane og realisere dei», sa ho. Som ein av dei store fortolkarane i americanatradisjonen har ho ofte vist ei evne til å leve seg inn i ein lagnad og bruke ein form for empati når ho gir røyst til ein rollefigur. Året etter at eg snakka med henne, drista ho seg til å syngje frå ståstaden til ei sørgjande enke, nærare bestemt Jackie Kennedy, på The Kennedy Suite, albumet som dreidde seg om mordet på John F. Kennedy i 1963, og det kom ho godt frå.

Framtida

Sidan har det vore stille frå Cowboy Junkies, heilt fram til no, for denne sommaren er All That Reckoning her. Nok ein gong er Michael Timmins låtskrivar, og i eit intervju med Billboard i vår fortalde han om bakgrunnen for albumet: Han er oppteken av ei kollektiv kjensle av at framtida er usikker, at institusjonar og forhold ein tidlegare tok for gitt, ikkje verkar så robuste lenger.

Hypnotisk

Stemninga er fanga inn i tittelsporet, som dukkar opp i to versjonar og på eit vis rammar inn albumet – éin forsiktig, kviskrande variant, og éin som er skarpare og hardare i kantane. «All That Reckoning» teiknar eit bilete av to liv som har vore tett samanknytte, og fortel om korleis kjensla av tillit kan vere nært forbunden med kjensla av frykt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement