JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Urdudisco

Ein tverrkulturell synthpopskatt er tatt ut or gløymeboka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1680
20210205
1680
20210205

New Wave

Nermin Niazi og Feisal Mosleh:

Disco Se Aagay

Discostan

I 1984 blei LP-en Disco Se Aagay, signert den Birmingham-baserte britisk-pakistanske duoen Nermin Niazi og Feisal Mosleh, lansert. Tittelen, på urdu tyder noko i retning av «bortanfor disco», og musikken er ei smakfull miks av discopåverka new wave og pakistansk musikktradisjon. Duoen, som den gongen var 14 og 19 år, opptredde på BBC, men gjekk likevel i den store kulturelle gløymeboka. No har Discostan, eit «diasporisk diskotek» som utforskar Vest-Asias og Nord-Afrikas soniske landskap gjennom radioprogram, arkiv, scene og plateselskap, gitt ut musikken på nytt.

Ved sida av vokalen på urdu er lydbiletet hovudsakleg samansett av spretne bassliner, trommemaskiner og synthesizerar som vi kjenner frå 80-tals postpunk. Der mange samtidige britiske new-wave-band – Depeche Mode, New Order og The Human League, til dømes – uttrykker ambivalensen mellom maskinell depresjon og elektronisk eskapisme, utstråler Disco Se Aagay ein djup varme som kjennest genuin.

Arshia Fatima Haq, den Los Angeles-baserte kunstnaren som driv Discostan-prosjektet, fann LP-en frå 1984 ved eit slumpetreff, og nyutgjevinga er gjord i samarbeid med artistane. Det er noko bittersøtt ved tanken på all den unike musikken frå fortida som kanskje aldri blir gjenoppdaga, men arbeidet til dei moderne musikkarkeologane som vert kalla «crate diggers», skal vi vere takksame for.

Disco Se Aagay er ei plate alle med sans for synthpop, italo-disco og postpunk burde unne seg å høyre på.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis