Upretensiøst og heilt perfekt
I.P.A. byr på ei sjeldan legering av tradisjon og nyskaping.
Musikken til I.P.A. er unik, meiner Lars Mossefinn.
Foto: Kristoffer Øen
Jazz
I.P.A.
Bashing Mushroom
Magnus Broo, trompet; Atle Nymo, tenorsaks; Mattias Ståhl, vibrafon; Ingebrigt Håker Flaten, bass; Håkon Mjåset Johansen, trommer. Cuneiform Records
I.P.A. har vore eit av favorittbanda mine heilt sidan dei tok til i 2008. Dei figurerer som kvartett på dei to første platene, men embryoet til bandet finn ein i trioen Nymo, Flaten og Johansen og den sensasjonelle tolkinga deira av Don Cherrys musikk på plata Complete Communion (1966). I 2013 kom Ståhl med, og dette er tredje plata som kvintett. Ein veit etter kvart kva ein får med I.P.A., men dei er framleis heilt sjef. Dei tek kommandoen frå første tone.
Oppskrifta er enkel. Låtmaterialet er i ein klasse for seg. Nymo, Broo og Ståhl deler nokolunde likeleg på komponistoppgåva. Innanfor dette kammermusikalske formatet har dei eit minimalistisk grep om arrangeringa som er enormt verknadsfull. Nymo-balladen «Farmor» er rein vemod og ein av dei vakraste hyllingane som er skrivne i seinare tid. I kuttet etter følgjer Broo opp i den rastlause «Fem skator». Her syner Johansen og Broo at trommer og trompet er alt som trengst.
Det siste dømet er også eit apropos til det siste elementet i kinderegget I.P.A. – sjeldan idérik improvisasjon kjem i overflod og inngår som eit organisk heile. Flaten og Johansen meistrar den skakke swingen som pregar musikken til Coleman og Cherry som få andre, og har laga sin høgst originale I.P.A.-vri. Musikken til I.P.A. er unik, men alltid med eit vørdsamt bukk til tradisjonen.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
I.P.A.
Bashing Mushroom
Magnus Broo, trompet; Atle Nymo, tenorsaks; Mattias Ståhl, vibrafon; Ingebrigt Håker Flaten, bass; Håkon Mjåset Johansen, trommer. Cuneiform Records
I.P.A. har vore eit av favorittbanda mine heilt sidan dei tok til i 2008. Dei figurerer som kvartett på dei to første platene, men embryoet til bandet finn ein i trioen Nymo, Flaten og Johansen og den sensasjonelle tolkinga deira av Don Cherrys musikk på plata Complete Communion (1966). I 2013 kom Ståhl med, og dette er tredje plata som kvintett. Ein veit etter kvart kva ein får med I.P.A., men dei er framleis heilt sjef. Dei tek kommandoen frå første tone.
Oppskrifta er enkel. Låtmaterialet er i ein klasse for seg. Nymo, Broo og Ståhl deler nokolunde likeleg på komponistoppgåva. Innanfor dette kammermusikalske formatet har dei eit minimalistisk grep om arrangeringa som er enormt verknadsfull. Nymo-balladen «Farmor» er rein vemod og ein av dei vakraste hyllingane som er skrivne i seinare tid. I kuttet etter følgjer Broo opp i den rastlause «Fem skator». Her syner Johansen og Broo at trommer og trompet er alt som trengst.
Det siste dømet er også eit apropos til det siste elementet i kinderegget I.P.A. – sjeldan idérik improvisasjon kjem i overflod og inngår som eit organisk heile. Flaten og Johansen meistrar den skakke swingen som pregar musikken til Coleman og Cherry som få andre, og har laga sin høgst originale I.P.A.-vri. Musikken til I.P.A. er unik, men alltid med eit vørdsamt bukk til tradisjonen.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.