Underleg ujamt

Jordi Savalls tolking av J.S. Bachs Juleoratorium haltar.

Den katalanske gambisten og dirigenten Jordi Savall.
Den katalanske gambisten og dirigenten Jordi Savall.
Publisert

Eg vedgår at dette er ei underleg tid på året å melda Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Juleoratorium, BWV 248. Men når dirigenten er ein av dei viktigaste nolevande tolkarane av tidlegmusikk, lyt det vera lov. Den katalanske viola da gamba-virtuosen Jordi Savall (fødd 1941) var banebrytande då han i 1970- og 1980-åra bles nytt liv i den franske 1600-talsmusikken – særleg på grunn av den improviserande tilnærmingsmåten hans, som fridde gamle partitur for alt støv.

Sidan har han framført det meste som tenkjast kan av barokkmusikk, fyrst som gambist, seinare som dirigent. Bachs store kyrkjemusikkverk har han likevel venta lenge med – respekten for dette repertoaret har vore for stor, sa 79-åringen nyss på tysk radio. Korleis lukkast han så med den fyrste Juleoratorium-innspelinga si?

Savallsk schwung

Albumet er eit konsertopptak utgjeve på Alia Vox, Savalls eige plateselskap, som merkjer seg ut med påkosta omslag – omslagsheftet er fyldig som ei lita bok. Opningssatsen «Jauchzet, frohlocket, auf, preiset die Tage» har karakteristisk «savallsk» schwung, med prektige punkteringar, potente paukar og røsleg bass-seksjon i orkesteret. Men presisjonen og intonasjonen i framføringa er ikkje optimal. I opningssatsen gjeld dette særleg oboane, som har vindskeive trillar. (Rett nok kan ein ikkje alltid spela heilt «reine» trillar på barokkinstrument, men i referanseinnspelingane mine får oboistane det til.)

Vidare lytting stadfestar det ujamne med tolkinga. «Evangelisten» Martin Platz, den tyske tenoren som framfører evangelieteksten, er den beste solisten. Den svakaste er kontratenoren Raffaele Pe, italienaren som syng altpartia. Ikkje berre bommar han på viktige enkelttonar. Klangen hans er generelt ustabil, utan skikkeleg «botn» i røysta. Retninga i fraseringa hans gjev heller ikkje alltid meining, som i den vakre arien «Bereite dich, Zion», der tilfeldige ord blir dynamisk og artikulatorisk vektlagde. Savall er vanlegvis grannsam når det gjeld diksjonen til song­arane sine, men hjå Pe har rettleiinga tydelegvis ikkje hjelpt. Koret fiksar tyskuttalen og -forståinga betre, sjølv om koristane mest utelukkande ber spanske namn.

Løpske liner

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement