Musikk

Underfundige Tang Wa

Når skal resten av Noreg få augo opp for dette viseunikumet frå Stavanger?

Publisert

Det er 19 år sidan Svein Tang Wa gav ut den fantastiske, men sterkt underkjende plata Hørr gjøken. Alle kåringar av dei ti beste populærmusikalske platene med norske artistar må sjølvsagt innehalda denne perla frå Tang Wa. Nokre plater er komne i mellomtida, og dei har vore vel verde å lytta på, men på Perler fra Svein når han opp til klassikaren frå 1998 ved fleire høve.

Same leisten

Det er same leisten Tang Wa syr visene sine over i 2017 som i 1998. Dei episke dikta handlar ofte om det sjølvopplevde gjennom eit 71 år langt liv. Han er best når blikket vert vendt mot barndommen, som i «Mor sin arm» eller den ironiske og samfunnskritiske «Domt av meg å ble voksen». Tang Wa kan vera kritisk og refsande, men oftast er han naivt venleg og sjølvironisk om alle sine feilsteg og alt anna utilstrekkeleg ved eigen person. Humoren er ein berebjelke i det kunstnarlege prosjektet hans, men det er ein humor som nesten alltid er blanda med vemod, og alt blir framført på kav stavangersk.

Hitpotensial

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement