Underfundig

Er det lov å fikla med Ludwig van Beethovens meisterverk?

Brokete instrumentsamansetning: Ensemblet Ludwig Chamber Players.
Brokete instrumentsamansetning: Ensemblet Ludwig Chamber Players.
Publisert

Lytt til artikkelen:

«Beethoven» – namnet stråler av store symfoniar, stolte klaversonatar og virtuose solokonsertar. Men komponisten var òg ein pragmatisk praktikar som laga alle tenkjelege arrangement av eigne verk, altså omarbeidingar for andre instrument enn dei komposisjonane opphavleg var mynta på. Grunnen til denne geskjeften var ofte musikkforlaga sitt ynske om auka salstal, og den kunstnarlege verdien av resultata kan vera så som så. Mange av arrangementa blei då heller ikkje forsynte med eigne opusnummer av Beethoven.

Kanon

Ludwig van Beethovens (1770–1827) komposisjonar står sentralt i vår vestlege kunstmusikalske kanon, tenk berre på «Korsymfonien» eller «Pathétique-sonaten». Dei er blitt til opphøgde klenodium, ja, nærast heilagdomar, som me kler oss i finstasen for å høyra i dei kunsttempla me kallar konsertsalar.

Er det lov å fikla med meisterverka hans? Ja, dette er Beethovens eigen praksis det beste provet på, meiner den tyske komponisten og arrangøren Andreas N. Tarkmann. Til det syrgjeleg amputerte Beethoven-jubileet i år (han blei fødd for 250 år sidan) har Tarkmann skrive om ei rekkje vokal- og instrumentalverk til ei brokete oktettbesetning med to fiolinar, bratsj, cello, kontrabass, klarinett, fagott og horn. Dei blir presenterte på det underfundige albumet Beethoven Arranged, der Ludwig Chamber Players spelar.

Opningsstykket vil dei fleste nikka attkjennande til, det har nemleg melodien til salmen «Deg være ære, Herre over dødens makt!». Då Beethoven komponerte desse tolv variasjonane over eit tema frå Händels oratorium «Judas Maccabaeus» for cello og klaver i 1797, var den likeverdige måten han handsama dei to instrumenta på, nyskapande. Ei sjølvstendig instrumenthandsaming er òg Tarkmanns mål, som jo i grunnen har laga eit nytt arrangement av Beethovens gamle arrangement av Händels opphavelege melodi. Resultatet er artig, om enn litt søkt – det held å høyra gjennom stykket éin gong.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement