Underfundig
Er det lov å fikla med Ludwig van Beethovens meisterverk?
Brokete instrumentsamansetning: Ensemblet Ludwig Chamber Players.
Foto: LCP Promo
Lytt til artikkelen:
CD
Ludwig van Beethoven:
Beethoven Arranged
Ilker Arcayürek, tenor; Ludwig Chamber Players. CPO 2020
«Beethoven» – namnet stråler av store symfoniar, stolte klaversonatar og virtuose solokonsertar. Men komponisten var òg ein pragmatisk praktikar som laga alle tenkjelege arrangement av eigne verk, altså omarbeidingar for andre instrument enn dei komposisjonane opphavleg var mynta på. Grunnen til denne geskjeften var ofte musikkforlaga sitt ynske om auka salstal, og den kunstnarlege verdien av resultata kan vera så som så. Mange av arrangementa blei då heller ikkje forsynte med eigne opusnummer av Beethoven.
Kanon
Ludwig van Beethovens (1770–1827) komposisjonar står sentralt i vår vestlege kunstmusikalske kanon, tenk berre på «Korsymfonien» eller «Pathétique-sonaten». Dei er blitt til opphøgde klenodium, ja, nærast heilagdomar, som me kler oss i finstasen for å høyra i dei kunsttempla me kallar konsertsalar.
Er det lov å fikla med meisterverka hans? Ja, dette er Beethovens eigen praksis det beste provet på, meiner den tyske komponisten og arrangøren Andreas N. Tarkmann. Til det syrgjeleg amputerte Beethoven-jubileet i år (han blei fødd for 250 år sidan) har Tarkmann skrive om ei rekkje vokal- og instrumentalverk til ei brokete oktettbesetning med to fiolinar, bratsj, cello, kontrabass, klarinett, fagott og horn. Dei blir presenterte på det underfundige albumet Beethoven Arranged, der Ludwig Chamber Players spelar.
Opningsstykket vil dei fleste nikka attkjennande til, det har nemleg melodien til salmen «Deg være ære, Herre over dødens makt!». Då Beethoven komponerte desse tolv variasjonane over eit tema frå Händels oratorium «Judas Maccabaeus» for cello og klaver i 1797, var den likeverdige måten han handsama dei to instrumenta på, nyskapande. Ei sjølvstendig instrumenthandsaming er òg Tarkmanns mål, som jo i grunnen har laga eit nytt arrangement av Beethovens gamle arrangement av Händels opphavelege melodi. Resultatet er artig, om enn litt søkt – det held å høyra gjennom stykket éin gong.
Løynde kvalitetar
Betre tykkjer eg Tarkmann lukkast i arrangementa av verka for song og klaver. Gjennom instrumenteringa til oktett greier han å få fram løynde kompositoriske kvalitetar ved Beethovens originalar, til dømes dei vellaga mellomstemmene i klaversatsen. Høgdepunktet er den seksdelte songsyklusen An die ferne Geliebte, op. 98 (1816), som tyrkaren Ilker Arcayürek syng med klår og fintmerkande tenor.
Den klarinettprega ensembleklangen skaper ein frodig detaljrikdom som minner om det seinromantiske lydbiletet me kjenner frå dei seinare orkestersongane til Gustav Mahler og Richards Strauss.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB