Under jarnhimmelen

Vi treng songar om kampen mellom lyset og mørket.

Musikken til Kari Harneshaug er både dempa og finstilt og tung og rocka.
Musikken til Kari Harneshaug er både dempa og finstilt og tung og rocka.
Publisert

Rock

«Såg du nokon gong tankane eg bar?»

Slik er spørsmålet i «Så ser eg inn i mørket», Avinds fine tolking av ein av dei høgast skatta songane frå katalogen til Bonnie «Prince» Billy, «I See a Darkness». Oppmodinga er tydeleg og viktig: Lat oss prøve å få auge på mørket som kan regjere innvendes i dei som står oss nært, og prøve å vere der for dei.

Tonje Tafjord, som står for den fine omsetjinga, treng ikkje anna enn ein gitar i hendene og si eiga røyst for å få fram det inderlege håpet som kviler i botnen av songen. Det var våren 2018 vi sist omtala Avind på desse sidene, då dei kom ut med albumet Evig blenda, ei utgiving det var vel verdt å merke seg, og då ikkje minst meloditeften og det gode grepet om ord som låtskrivar Tafjord demonstrerte. «Du kan bruke mørket innafrå til lys», song ho den gongen, på klingande sunnmørsk. Den nye singelen får oss til å sjå fram mot neste album.

Formativt

Tafjord er ikkje åleine om å løfte fram Will Oldhams – Bonnie «Prince» Billys ­– song; til dømes gjorde Johnny Cash det. Gode låtskrivarar har ofte eit eige blikk for den verkeleg gode songen. Det å nærme seg ord og tonar andre har skapt, kan vere formativt for ein artist og opne opp noko nytt i ein sjølv. Som lyttarar kan vi også oppdage nye artistar gjennom tolkingar av songar vi held kjært, og så har du det gåande, i ei verd av songar som stadig fører oss til nye songar, til ei røyst vi ikkje visste at vi trong å høyre, før vi ein dag høyrde henne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement