Under jarnhimmelen
Vi treng songar om kampen mellom lyset og mørket.
Musikken til Kari Harneshaug er både dempa og finstilt og tung og rocka.
Prressefoto
Rock
Avind:
Så ser eg inn i mørket
Snertingdal Records
Rock
Kari
Harneshaug:
Deeper / Further
Øra Fonogram
«Såg du nokon gong tankane eg bar?»
Slik er spørsmålet i «Så ser eg inn i mørket», Avinds fine tolking av ein av dei høgast skatta songane frå katalogen til Bonnie «Prince» Billy, «I See a Darkness». Oppmodinga er tydeleg og viktig: Lat oss prøve å få auge på mørket som kan regjere innvendes i dei som står oss nært, og prøve å vere der for dei.
Tonje Tafjord, som står for den fine omsetjinga, treng ikkje anna enn ein gitar i hendene og si eiga røyst for å få fram det inderlege håpet som kviler i botnen av songen. Det var våren 2018 vi sist omtala Avind på desse sidene, då dei kom ut med albumet Evig blenda, ei utgiving det var vel verdt å merke seg, og då ikkje minst meloditeften og det gode grepet om ord som låtskrivar Tafjord demonstrerte. «Du kan bruke mørket innafrå til lys», song ho den gongen, på klingande sunnmørsk. Den nye singelen får oss til å sjå fram mot neste album.
Formativt
Tafjord er ikkje åleine om å løfte fram Will Oldhams – Bonnie «Prince» Billys – song; til dømes gjorde Johnny Cash det. Gode låtskrivarar har ofte eit eige blikk for den verkeleg gode songen. Det å nærme seg ord og tonar andre har skapt, kan vere formativt for ein artist og opne opp noko nytt i ein sjølv. Som lyttarar kan vi også oppdage nye artistar gjennom tolkingar av songar vi held kjært, og så har du det gåande, i ei verd av songar som stadig fører oss til nye songar, til ei røyst vi ikkje visste at vi trong å høyre, før vi ein dag høyrde henne.
Slikt omsetjingsarbeid er også vesentleg for å skaffe eit kunstnarskap ein sterkare plass i vår eigen språkkultur. Til dømes når Brit Bildøen gir oss Patti Smiths bøker på klingande nynorsk, og vitjar ulike scener i landet i kompaniskap med artist Kari Harneshaug og gitarist Kyrre Laastad, med framføring av tekstar og songar av Smith, sistnemnde i norsk omsetjing av Bildøen, Harneshaug, Agnes Ravatn og Ragnar Hovland.
Finstilt og rocka
Det var via denne omvegen eg fekk auga opp for Kari Harneshaugs eigne plater, inkludert vinterens nye album, Deeper/Further, og det er eg glad for. Også Harneshaug gir ord og tone til kampen mellom mørkret og lyset, med nærleik og autoritet, i «Need to Let It Go», der Lars Ove Fossheim får det til å skimre med eit munnspel, og ekkoa frå Patti Smith vert tydelege og verknadsfulle mot slutten av songen.
Harneshaugs uttrykk, som har vorte til i samarbeid med produsent Karl Klaseie i Øra Studio, kan vere både dempa og finstilt, tungt og rocka, alt etter kva som best tener til å løfte fram og omgi den solide røysta til artisten. Det kviler eit kompromisslaust alvor i dei uredde songane på Deeper/Further, som i svimlande vakre «Iron Sky», som sirklar rundt det slåande biletet av ein himmel av jarn.
Kanskje er det han vi stirer inn i, når vi skuvar jorda bort frå oss, og no finst det ein song som skildrar nett det.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.