Under huda
TrioTaus gjev Mozarts meisterverk ein personleg, humoristisk snert.
Det norske ensemblet TrioTaus.
Foto: Andreas Ulvo
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) etterlét seg berre éin fullstendig stryketrio: Divertimento i Ess-dur, KV 563. Stykket er ikkje berre mellom dei mest modne kammermusikkverka hans. Det markerer òg eit høgdepunkt innan trioforma, uansett komponist og epoke, for konstruksjonen av dei edle melodiske temaa og motstemmene deira, i kombinasjonen med den sikre formsansen satsane som heilskap uttrykkjer, kunne ikkje vore betre.
Nemninga divertimento, som på italiensk tyder «forlysting» eller «underhaldning», kan verka som ei underdriving, for stykket har seks satsar og tek 50 minutt å spela. Men i Wien i andre helvta av 1700-talet var dette ei vanleg nemning for kammermusikkverk med mange satsar. Så er då stykket ikkje fritt for gaman heller. Mozart klarer her nemleg å kombinera underhaldande med «lærde» komposisjonsformer.
Under huda
Det tok si tid før divertimentoet frå 1788 slo an. Mozart var sjølv aktiv i marknadsføringa av det ved å spela bratsjstemma, men besetningstypen og omfanget var nok til hinder for den heilt store populariteten. For ensemblet TrioTaus dannar det derimot kjernerepertoaret.
I eksposisjonen av hovud- og sidetemaet i fyrstesatsen «Allegro» merkar me at musikarane har musikken under huda, for dei veit kven som til kvar tid har den viktige stemma i partituret. Dette fører til ein naturleg dialog mellom instrumenta. Virtuost syner dei dette i gjennomføringsdelen, der Mozart handsamar det tematiske materialet på ein måte som avslører kjennskapen hans til Bachs kontrapunktiske komposisjonsmåte.
Sprettent
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.