Ultraproduktiv og hyperkreativ

Ein av verdas mest produktive og minst regelbundne artistar er tilbake – med sju utgjevingar på halvanna veke.

Publisert

På slutten av 90-talet var den Houston-baserte rapparen Viper knytt til chopped and screwed-klikken George Floyd òg var del av. Sidan solodebuten i 2003 har han gjeve ut enorme mengder musikk: Det er iallfall tale om nærare 1800 album i tillegg til eit utal singlar og samarbeidsprosjekt.

I september blei det brått stilt på Bandcamp-sida hans, og på jolaftan sleppte samarbeidspartnaren kettleonwater ei samleplate og ein innsamlingskampanje: Delstaten Texas hadde teke frå mora foreldreretten til sonen, og Viper trong hjelp til å dekkje rettsutgiftene. Om det har ordna seg, er uklårt, men Viper er i alle høve aktiv att.

59 Piru Music 2 dukka plutseleg opp 10. april. Låten «Photographic Swag» er ein svært avslappande miks i Snoop Dogg-liknande g-funk-stil. På «Collage» vert arven frå chopped and screwed-rørsla – elektriske signalfeil læt lik grashopper i sumarvarmen – kombinert med det kjenslevare. På «Natrium» rappar Viper i duett med ein automatisk framtidshypnotisør over minimalistisk pianomusikk og ein beat som vert transformert frå den eine nymotens stilarten til den andre: dramatisk trap, hektisk drill’n’bass, sumarleg future funk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement