Ultraproduktiv og hyperkreativ
Ein av verdas mest produktive og minst regelbundne artistar
er tilbake – med sju utgjevingar på halvanna veke.
Rap
Viper:
59 Piru Music 2: The Gang, The Album, The Label (Hwy 59 Piru)
Bandcamp
På slutten av 90-talet var den Houston-baserte rapparen Viper knytt til chopped and screwed-klikken George Floyd òg var del av. Sidan solodebuten i 2003 har han gjeve ut enorme mengder musikk: Det er iallfall tale om nærare 1800 album i tillegg til eit utal singlar og samarbeidsprosjekt.
I september blei det brått stilt på Bandcamp-sida hans, og på jolaftan sleppte samarbeidspartnaren kettleonwater ei samleplate og ein innsamlingskampanje: Delstaten Texas hadde teke frå mora foreldreretten til sonen, og Viper trong hjelp til å dekkje rettsutgiftene. Om det har ordna seg, er uklårt, men Viper er i alle høve aktiv att.
59 Piru Music 2 dukka plutseleg opp 10. april. Låten «Photographic Swag» er ein svært avslappande miks i Snoop Dogg-liknande g-funk-stil. På «Collage» vert arven frå chopped and screwed-rørsla – elektriske signalfeil læt lik grashopper i sumarvarmen – kombinert med det kjenslevare. På «Natrium» rappar Viper i duett med ein automatisk framtidshypnotisør over minimalistisk pianomusikk og ein beat som vert transformert frå den eine nymotens stilarten til den andre: dramatisk trap, hektisk drill’n’bass, sumarleg future funk.
Sidan har det (i skrivande stund) dukka opp sju utgjevingar til, og som Vipers’ katalog elles er det ein mystisk og labyrintisk affære. Comeback-utgjevinga 59 Piru Music 2 er i alle høve solid og syner eit tverrsnitt av Vipers mangefasetterte uttrykk som forklarer kvifor han vert rekna som stamfar for svevande og emosjonelt ambivalente internettmusikkstilar som cloud rap og vaporwave.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?