Ujamn kvalitet
Sjølv når han blir godt spelt, kling Sindings kammermusikk stundom uinspirert.
Christian Sinding (t.v.) saman med venene Gunnar Heiberg og Knut Hamsun. Måleri av Henrik Lund frå 1926.
Det er lite norsk i Christian Sindings (1856–1941) kammermusikk slik fiolinisten Jonas Båtstrand og pianisten Jørn Fossheim presenterer han på dobbeltalbumet sitt. CD-ane inneheld musikk av denne norske komponisten som i samtida var eit etablert namn internasjonalt, men som sjeldan kan opplevast i konsertsalane i dag – med unntak av nokre romansar og det eviggrøne klaverstykket Frühlingsrauschen frå 1896.
Somme av komposisjonane, som blei til i dei 15 åra mellom 1894 og 1909, er aldri blitt spelte inn på plate før. Korleis skal me karakterisera musikken?
Fyldige akkordar
Dei som kallar Sinding ein arvtakar etter Edvard Grieg, har eit forklaringsproblem. For Sinding var det nemleg den tyske romantikken og dei klassiske formene som galt, medan folkemusikken, som dei fleste nordmennene i hans komponistgenerasjon saug næring frå, er og blir perifer.
Den grundige skoleringa hans frå konservatoriet i Leipzig kjem til uttrykk i sikre former og evna til utvikling av musikalske tema. Harmonikken, som er fargerik og fyldig, går nok ut over det han lærte seg i det konservative Leipzig – her skin fascinasjonen for Richard Wagner og andre «nytyskarar» gjennom. Melodikken er hans svakaste punkt. Melodilinene vantar stundom liv og kraft og verkar meir konstruerte enn sungne. Ofte greier han å bøta på dette gjennom eit innhaldsrikt akkompagnement, som han var ein meister i.
Klaverbrus
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.