JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Ujamn kvalitet

Sjølv når han blir godt spelt, kling Sin­dings kammermusikk stundom uinspirert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Christian Sinding (t.v.) saman med venene Gunnar Heiberg og Knut Hamsun. Måleri av Henrik Lund frå 1926.

2839
20210820
2839
20210820

CD

Christian Sinding:

Works for Violin and Piano

Jonas
Båtstrand, fiolin; Jørn
Fossheim, klaver. SIMAX 2020

Det er lite norsk i Christian Sindings (1856–1941) kammermusikk slik fiolinisten Jonas Båtstrand og pianisten Jørn Fossheim presenterer han på dobbeltalbumet sitt. CD-ane inneheld musikk av denne norske komponisten som i samtida var eit etablert namn internasjonalt, men som sjeldan kan opplevast i konsertsalane i dag – med unntak av nokre romansar og det eviggrøne klaverstykket Frühlingsrauschen frå 1896.

Somme av komposisjonane, som blei til i dei 15 åra mellom 1894 og 1909, er aldri blitt spelte inn på plate før. Korleis skal me karakterisera musikken?

Fyldige akkordar

Dei som kallar Sinding ein arvtakar etter Edvard Grieg, har eit forklaringsproblem. For Sinding var det nemleg den tyske romantikken og dei klassiske formene som galt, medan folkemusikken, som dei fleste nordmennene i hans komponistgenerasjon saug næring frå, er og blir perifer.

Den grundige skoleringa hans frå konservatoriet i Leipzig kjem til uttrykk i sikre former og evna til utvikling av musikalske tema. Harmonikken, som er fargerik og fyldig, går nok ut over det han lærte seg i det konservative Leipzig – her skin fascinasjonen for Richard Wagner og andre «nytyskarar» gjennom. Melodikken er hans svakaste punkt. Melodilinene vantar stundom liv og kraft og verkar meir konstruerte enn sungne. Ofte greier han å bøta på dette gjennom eit innhaldsrikt akkompagnement, som han var ein meister i.

Klaverbrus

Fyrstesatsen «Prélude» frå Quatre Morceaux, op. 43 (1898), er noko av det beste på plata. Stilen er typisk for Sinding: Den langstrekte fiolinmelodien i legato blir boren fram av eit brusande passasjeverk i klaveret, som har noteside på noteside med ubrotne trettitodelsnotar. (Parallellen til det to år eldre solostykket Frühlingsrauschen er openberr – Sinding lét seg ofte inspirera av seg sjølv.)

Pianisten Fossheim utfører passasjeverket teknisk lytefritt, og trass i det rytmisk lynsnare på mikronivå er det ro og eleganse over fraseringa hans. Også Båtstrands fiolinspel er overtydande, med rund og edel legatoklang.

Slike perpetuum mobile-satsar finst der fleire av – til dømes fyrstesatsen «Prélude» i suiten Vier Stücke, op. 61, og sistesatsen «Vivace» i suiten Vier Stücke, op. 81. Her er det fiolinisten, ikkje pianisten, som får brynt seg, med ubrotne lekkjer av kring åtte tonar i sekundet.

Båtstrand bit godt frå seg teknisk, og eg likar den litt røffe klangen hans. Men den kunstnarlege kvaliteten i desse satsane? Sinding gjennomfører sine fikse idear, det skal han ha. Men kompositorisk kling det lite inspirert.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis