Uhøyrt!
Kalle Moberg tok med seg trekkspelet til Tokyo og laga plate.
Kalle Moberg i ein annan musikalsk samanheng. På albumet er han åleine med trekkspelet.
Foto: Juliane Schütz
Du trur kanskje du veit korleis eit trekkspel høyrest ut?
Vel, min ven, du tek feil.
Og eg har prov.
Somme lesarar vil nok ha høyrt Paal Nilssen-Loves viltre storband Large Unit, ein gjeng som leverer det leiaren i eit intervju for nokre år sidan kalla «fri improvisasjon i struktur», med store dosar smittande energi. Somme har kanskje til og med fått lytta til Ethiobraz, konsertopptaket som kom på plate i vinter, frå Moldejazz 2018, der gjengen kom saman med det etiopiske bandet Fendika, eit sett brasilianske musikarar og den nederlandske gitaristen Terrie Ex, eit forrykande amalgam av rytme og lyd. I så fall vil dei garantert ha merkt seg fyren på akkordeon, Kalle Moberg (f. 1994), ein framifrå improvisator – og eit aldri så lite fyrverkeri, heilt i seg sjølv.
Platedebutant
Og det er slik vi møter han som platedebutant, åleine med trekkspelet. Eller, heilt åleine er han ikkje, for med seg som produsent har han ingen ringare enn multiinstrumentalisten Jim O’Rourke, eit unikum som har spela ei nøkkelrolle i utforminga av eit par hundre album, mellom anna av band som Sonic Youth, Wilco og Joanna Newsom, før han flykta frå USA til Tokyo for å reindyrke sine eigentlege musikalske interesser og leve på royalties. O’Rourke er også eklektisk i valet av artistar han vel å samarbeide med og produsere. Sist eg skreiv om han på desse sidene, var då han produserte og medverka på Eiko Ishibashis fabelaktige siste album, The Dream My Bones Dream, i året som gjekk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.