Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Uhøyrt!

Kalle Moberg tok med seg trekkspelet til Tokyo og laga plate.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kalle Moberg i ein annan musikalsk samanheng. På albumet er han åleine med trekkspelet.

Foto: Juliane Schütz

3763
20200424
3763
20200424

Trekkspel

Kalle
Moberg:

The Tokyo Sessions Volume 1: Unheard-of

KAMO Records

Du trur kanskje du veit korleis eit trekkspel høyrest ut?

Vel, min ven, du tek feil.

Og eg har prov.

Somme lesarar vil nok ha høyrt Paal Nilssen-Loves viltre storband Large Unit, ein gjeng som leverer det leiaren i eit intervju for nokre år sidan kalla «fri improvisasjon i struktur», med store dosar smittande energi. Somme har kanskje til og med fått lytta til Ethiobraz, konsertopptaket som kom på plate i vinter, frå Moldejazz 2018, der gjengen kom saman med det etiopiske bandet Fendika, eit sett brasilianske musikarar og den nederlandske gitaristen Terrie Ex, eit forrykande amalgam av rytme og lyd. I så fall vil dei garantert ha merkt seg fyren på akkordeon, Kalle Moberg (f. 1994), ein framifrå improvisator – og eit aldri så lite fyrverkeri, heilt i seg sjølv.

Platedebutant

Og det er slik vi møter han som platedebutant, åleine med trekkspelet. Eller, heilt åleine er han ikkje, for med seg som produsent har han ingen ringare enn multiinstrumentalisten Jim O’Rourke, eit unikum som har spela ei nøkkelrolle i utforminga av eit par hundre album, mellom anna av band som Sonic Youth, Wilco og Joanna Newsom, før han flykta frå USA til Tokyo for å reindyrke sine eigentlege musikalske interesser og leve på royalties. O’Rourke er også eklektisk i valet av artistar han vel å samarbeide med og produsere. Sist eg skreiv om han på desse sidene, var då han produserte og medverka på Eiko Ishibashis fabelaktige siste album, The Dream My Bones Dream, i året som gjekk.

Det var på Japan-turné med Large Unit hausten 2017 at Moberg møtte O’Rourke, då bandet spelte nokre kveldar på Tokyo-klubben Pit Inn, og ein ny gjest delte scene med gjengen kvar kveld. Ein av dei var O’Rourke, som ikkje går av vegen for også å spele trekkspel, og som gapte då han høyrde lydane Moberg laga med instrumentet. Dermed var O’Rourke tilbake kvelden etter, for å lytte, og tok kontakt etter konserten, med ein invitasjon til Tokyo. Dette måtte takast opp!

Éin dag i studio

Sjølve opptaka til denne utgivinga skjedde i løpet av éin einaste dag, 13. februar i fjor, men som tittelen lovar, kjem det meir. Moberg var i Tokyo i ei veke, spela saman med O’Rourke og fleire av dei sentrale samarbeidspartnarane hans i Tokyo, inkludert Joe Talia, Marty Holoubek, Tatsuhisa Yakamoto – og Ishibashi. Dette er altså berre byrjinga.

Du vil neppe ha høyrt noko som heilt liknar «Skinned Alive By a Blunt Spoon», og kanskje ikkje støytt på ein liknande tittel heller. Då eg melde Simple Songs, O’Rourkes soloplate frå 2015, på desse sidene, skreiv eg om ein type musikk som «krev litt meir av lyttarens tid og merksemd enn det han gjerne vert tildelt». Slik er det også (og i endå sterkare grad) med Mobergs kompromisslause nye plate, som ikkje er trekkspelmusikk av typen du trallar med på, for å seie det sånn – mjukast vert det kanskje i ei avsluttande, kort bursdagsvise.

Dette er avantgardistisk musikk for den utforskande, nyfikne lyttaren som er på jakt etter nye, fascinerande, assosiasjonsrike lydlandskap. Dei som har lytta ein del til instrumentet, vil undre seg over bøyinga og bendinga av tonar, og musikarar vil kunne kaste seg ut i diskusjonar om knappar, tangentar og multifonikk.

Om eit knapt tiår er det 200 år sidan trekkspelet vart patentert, men ein kan finne tidlege utgåver av liknande instrument i Kina for fleire tusen år sidan. Eventyrlege Unheard-of fortel oss at kva eit trekkspel kan vere, på langt nær er ferdig kartlagt. Ei jubileumsfeiring av armenaren Zyrill Demians patent frå 1829 bør ha Kalle Moberg høgt på plakaten om ni år.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis