Uengasjert ECM-debut

Det gneistrar ikkje akkurat av samspelet til trioen.

Publisert

Avishai er fødd og vaks opp i Israel. Fram til tusenårsskiftet var han aktiv i musikarkollektivet The Left Bank i Tel Aviv. I 2001 flytta han til Strasbourg for å studera. Sidan har han blitt verande i Frankrike. Mest kjend er han som pianist i The Third World Love Quartet og Avishai Cohen Quartet.

Trioen med Zelnik og Kontomanou, som går under namnet Modern Times, har eksistert nokre år og gjeve ut to plater, Trio og The Parade. Ikkje overraskande er desse ganske ulike ECM-debuten. På sistnemnde serverer trioen ei lite minneverdig tolking av Ellington/Bigard-klassikaren «Mood Indigo» i tillegg til sju Avishai-originalar.

Monk-inspirert

Som komponist har Avishai ein attkjennande signatur, og fleire av dei sju originalane har noko ved seg som gjer at dei toler fleire repetisjonar på CD-spelaren. Særleg verd å merka seg er «Tango» som sameiner det argentinske utgangspunktet med ei sterk bluesåre og Monk-inspirerte «When Things Fall Apart». Eit mindre vellukka døme på «komposisjonsprinsippet» hummar og kanari er «Les Pianos De Brazzaville».

Ikkje fot

Eg har ikkje fått skikkeleg fot på Joys And Solitudes, først og fremst fordi samspelet i så liten grad utfordrar. Dei tre musikarane er framifrå instrumentalistar, men berre unntaksvis kjenner eg at dei tek musiseringa på eller utanfor grensa av komfortsona.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement