¿ Ubrigda idear

Pianisten Rune Alver får fram det beste i Signe Lunds klavermusikk.

Den norske komponisten Signe Lund (1868–1950).
Den norske komponisten Signe Lund (1868–1950).
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Komponisten må ha vore ei sterk og driftig kvinne, med sikker framferd sjølv i dei høgaste kretsar. Då Edvard Grieg blei merksam på det unge talentet, oppmoda han henne til å studera i utlandet, noko ho gjorde i København, Berlin og Paris. Seinare fylgde to tiår i USA, der formidlinga av norsk kulturliv i 1929 resulterte i kongens fortenestmedalje i gull. I USA var nok sosialismen hennar til størst hinder, medan det i Noreg var kjønnet: «Nei, det at jeg er kvinne, har stengt veien for meget, i allfall i Norge», skreiv ho i sjølvbiografien sin i 1944.

Året etter utgjevinga blei det attverande opplaget av sjølvbiografien hennar makulert. I 1935 hadde ho nemleg meldt seg inn i NS, blitt omgangsven med den norske «Føraren» og jamvel møtt den tyske Führer personleg – til den sistnemnde skreiv ho i 1943 strykekvartetten Føreren kaller.

Lunds lynne

Musikken som pianisten Rune Alver spelar på albumet Études Poétiques, er frå før Lund la det lagnadstunge prefikset «nasjonal» til sin sosialisme. Klaverstykka, som blei til mellom 1896 og 1928, syner godt musikalsk handverk. Eg likar basslinene. For sjølv om dei for det meste er konvensjonelle, er dei effektfulle – som i midtpartiet av Albumblad, op. 19, der Alvers dynamiske poengtering og stabbande staccato-artikulasjon blir som eit miniatyrbilete på Lunds eige lynne.

I omslagsteksten skriv Ingrid Skovdahl at stykka på plata gjerne presenterer éin idé, som blir kontrastert, men stadig kjem att i ubrigda form utan vidfemnande melodiske eller harmoniske omarbeidingar. Det same kan nok seiast om mange av Griegs korte karakterstykke, sjølv om dei melodiske temaa hjå han alltid blir piffa opp gjennom doggfrisk, påhittsam harmonikk som – i mangel på betre ord – er umiskjenneleg «griegsk».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement