Tysk jul

Manfred Cordes dirigerer tidlegbarokk julemusikk frå det gamle tyske kulturområdet i Sentral-Europa.

Seingotisk trealtar (ca. 1470) i tyske Erfurt som syner Jesusbarnet i stallen. Josef lagar bål, assistert av ein engel med blåsebelg.
Seingotisk trealtar (ca. 1470) i tyske Erfurt som syner Jesusbarnet i stallen. Josef lagar bål, assistert av ein engel med blåsebelg.
Publisert

Lytt til artikkelen:

CD

Hamburg og Breslau ligg langt frå kvarandre, kring 50 mil i luftline. I dag køyrer ein turen på dryge sju timar, men på 1600-talet tok det nok nærare to veker med hest og vogn på gjørmete landevegar. Byane hadde den tyske kulturen og den lutherske konfesjonen sams, noko som kjem til uttrykk i kyrkjemusikken. Det høyrer me på desse to albuma, som begge blir dirigerte av tyske Manfred Cordes.

Det fyrste albumet byr på orgel- og vokalmusikk av nordtyske komponistar som var aktive i den frie bystaten Hamburg. På det andre får me vokalmusikk frå det som i dag er Wroclaw i Polen, men som på 1600-talet heitte Breslau og låg i den historiske regionen Schlesien. All julemusikken er altså frå den gamle tyskspråklege kultursfæren i vår tids Sentral-Europa.

Hamburgsk jul

CD-en Baroque Christmas in Hamburg er ikkje ny, men verd å lytta til. Kjernen i ensemblet består her av Bremer Barock Consort, som er blitt utvida med 26 musikkstudentar frå Hochschule für Künste Bremen. Korleis påverkar dette tolkinga? Ikkje negativt, i alle fall, for nivået på studentane imponerer. Songarane har ungdommeleg klåre røyster som høver godt til dette tidlege repertoaret.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement