Musikk
Tyggegummi i popmaskineriet
Ein liten smule opprør internt i musikkindustrien.
Eg var ikkje nådig førre gong eg skreiv om Charli XCX. Då var det andrealbumet Sucker frå 2014 som fekk gjennomgå. Men sidan ho sjølv visstnok skjemmest over Sucker, og mang ein meldar kallar den nye musikken til den engelske artisten «progressiv» «meta-pop» og liknande, tenkte eg at det var på sin plass å høyre på den nye utgjevinga for å finne ut om noko har endra seg.
Det som møter ein ved første øyrekast, er ikkje den småpunkete popen frå Sucker. Dette liknar faktisk endå meir på typisk 2010-tals R&B-inspirert, hyperkommersiell pop, med overdriven bruk av autotune over hoppande og hikstande melodiske sprang. Men etter kvart legg ein merke til at produksjonen rett som det er, er ganske utspekulert, med subtile temposkift, simuleringar av sjokkerande smarttelefonvarsel og heller vanvittig stemmefiltrering som gir det heile eit nærast futuristisk preg – ein sjølvmedviten virtuositet som kan hende gjer at dette med rette kan kallast «progressiv metapop».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.