Tvitydige Noreg
Den nye plata til Cassandra Jenkins spring ut av livsomveltande erfaringar.
Cassandra Jenkins har gjeve ut eit heilstøypt album, skriv Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Drakta kom i posten i dag, heiter det heilt først i «Ambiguous Norway», femte sporet på Cassandra Jenkins’ nye album, som lèt oss følgje artisten idet ho pakkar opp og prøver på. I neste strofe er vi på veg over Atlanteren i eit fly. «I can’t seem to grasp what happened», heiter det: «No matter where I go/ you’re gone, you’re everywhere.»
Tap
Røysta kryp tett på, over eit elegisk tema, og ein treng eigentleg ikkje å vite meir for å leve seg inn i tapserfaringa songen skildrar og levandegjer, med dempa intensitet. I fleire intervju kjem det likevel fram at Jenkins syng om ei konkret oppleving frå sitt eige liv. Drakta i posten var eit turnéantrekk, meint brukt på konsertar med David Bermans Purple Mountains, som Jenkins skulle spele med. Men då pakken kom fram, hadde Berman teke livet sitt.
Fleire enn meg vil hugse kvar dei var då dei fekk høyre at Berman hadde gått bort, 52 år gammal, sommaren 2019. «Farewell, Purple Mountains», heiter det i den i utgangspunktet underleg titulerte «Ambiguous Norway». Kvifor heiter songen det? Rett etter at Berman gjekk bort, reiste Jenkins til Noreg. Mindre enn ei veke hadde gått sidan dødsfallet, ho sat og skreiv, og fekk ei tekstmelding med ei teikning Berman hadde laga av eit hus. På botnen av huset hadde han skrive «Ambiguous Norway».
Jenkins fortel om dette, og mangt anna, i eit fint, omfattande intervju med Jordan Mainzer som det er lett å finne vegen til på nettet. An Overview on Phenomenal Nature er lada med rå, fersk livserfaring, og samtalen med Mainzer utstyrer dei sju songane med eit slags noteapparat for interesserte lyttarar. Det er fascinerande og til og med gripande lesnad.
Høgdepunkt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.