Tvitydige Noreg
Den nye plata til Cassandra Jenkins spring ut av livsomveltande erfaringar.
Cassandra Jenkins har gjeve ut eit heilstøypt album, skriv Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Rock
Cassandra Jenkins:
An Overview on Phenomenal Nature
Ba Da Bing! / Border
Drakta kom i posten i dag, heiter det heilt først i «Ambiguous Norway», femte sporet på Cassandra Jenkins’ nye album, som lèt oss følgje artisten idet ho pakkar opp og prøver på. I neste strofe er vi på veg over Atlanteren i eit fly. «I can’t seem to grasp what happened», heiter det: «No matter where I go/ you’re gone, you’re everywhere.»
Tap
Røysta kryp tett på, over eit elegisk tema, og ein treng eigentleg ikkje å vite meir for å leve seg inn i tapserfaringa songen skildrar og levandegjer, med dempa intensitet. I fleire intervju kjem det likevel fram at Jenkins syng om ei konkret oppleving frå sitt eige liv. Drakta i posten var eit turnéantrekk, meint brukt på konsertar med David Bermans Purple Mountains, som Jenkins skulle spele med. Men då pakken kom fram, hadde Berman teke livet sitt.
Fleire enn meg vil hugse kvar dei var då dei fekk høyre at Berman hadde gått bort, 52 år gammal, sommaren 2019. «Farewell, Purple Mountains», heiter det i den i utgangspunktet underleg titulerte «Ambiguous Norway». Kvifor heiter songen det? Rett etter at Berman gjekk bort, reiste Jenkins til Noreg. Mindre enn ei veke hadde gått sidan dødsfallet, ho sat og skreiv, og fekk ei tekstmelding med ei teikning Berman hadde laga av eit hus. På botnen av huset hadde han skrive «Ambiguous Norway».
Jenkins fortel om dette, og mangt anna, i eit fint, omfattande intervju med Jordan Mainzer som det er lett å finne vegen til på nettet. An Overview on Phenomenal Nature er lada med rå, fersk livserfaring, og samtalen med Mainzer utstyrer dei sju songane med eit slags noteapparat for interesserte lyttarar. Det er fascinerande og til og med gripande lesnad.
Høgdepunkt
Likevel klarer Jenkins’ nye album seg godt utan eit slikt underlag. Låtane nærmar seg livsomveltande erfaringar, men hevar seg over det anekdotiske, sjølv om dei spring ut av det. Ein song som «Hard Drive», til dømes, spelar seg ut som ei rekkje samtalar, først framført som ein flytande, voice-memo-poesi, så, etter kvart som det dreg seg til, som ein drivande poplåt som kulminerer i pusteteknikk som refreng – det er litt av ei reise.
An Overview on Phenomenal Nature er eit heilstøypt album, tett på høgdepunkt. «Crosshairs» er ein av dei finaste songane eg har høyrt på ei stund, ein tindrande meditasjon over spenninga mellom tilbaketrekking og tilhøyrsle, som skriven for pandemiens omskiftelege, påkravde isolasjon, med elegant, subtilt gitarspel.
Det er noko sårt, men også noko fritt over musikken til Jenkins som ikkje kvir seg for å flyte over i jazza, fri form, som med sistesporet «The Ramble». Eg kan ikkje tenkje meg noko betre å lytte til desse vinterkveldane.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Til å verta kvalm av
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.