Tvitydige destinasjonar

Stig inn i tidsmaskinen med Aaron Lee Tasjan.

Publisert

At musikken er ein tidsmaskin, er noko alle veit, og då «Up All Night», ein av låtane på det nye albumet til Aaron Lee Tasjan, dundra ut av høgtalarane, var eg sikker på at eg hadde fått meg ein tur tilbake til 1980-talet.

Det finst verre ting å førestille seg enn at Tom Petty har stått opp frå dei døde, og «Up All Night» gir liv til fantasien – eg er ganske sikker på at det finst ein del lyttarar som kjem over songen og trur det er gode gamle Tom. Og ikkje berre på grunn av røysta. Sjølv den himla fengjande låten er klassisk Petty, cirka anno Full Moon Fever (1989) – det høyrest til og med ut som om Jeff Lynne (ELO) er tilbake bak spakane som produsent, idet den ekkotunge produksjonen med sine paukedrønn skramlar ut i stova. Der sit han pandemifast og mimrar igjen, tenkjer nok kona mi som går forbi.

Ein dæsj glam

Og det gjer eg jo på eit vis, for Tasjan gir full gass og er ikkje redd for å kalle fram nostalgien i eit par–tre generasjonar lyttarar. Men det er ikkje heile historia. For høyrer ein nærare etter, er Tasjan! Tasjan! Tasjan! heilt klart eit produkt av 2021.

I «Up All Night» er det også ein dæsj glam, som andre stader på plata, og tankane går fort frå Petty til Blurs allsongvenlege «Girls and Boys» (1994), som skildrar «girls who want boys who like boys to be girls/ who do boys like they’re girls, who do girls like they’re boys». Som Petty syng Tasjan om å vere oppe heile natta, men når han vaknar utpå dagen, er det «with my boyfriend to go out with my girlfriend».

Uavklart kjønnsidentitet er ein sentral tematikk på Tasjan! Tasjan! Tasjan!, slik at den i utgangspunktet maskuline power rock-estetikken til Petty anno 1980-tal vert oppdatert med ein forfriskande androgynitet. Andre stader går referansane direkte til glamåra i rocken, som i «Feminine Walk», der Tasjan feirar eigne steg, i fotspora til «Bowie and Bolan and Jagger, too», og lèt det heile munne ut i ein gitarsolo som spradar gjennom det siste minuttet. Det er ganske tøft.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement