Tur-retur Alabama
Waxahatchee tek ei ny, musikalsk retning på vårens plate.
Ekte kjærleik følgjer ikkje ei rett line, heiter det i «Ruby Falls», ein av dei finaste songane på Saint Cloud, Waxahatchees nye, viktige plate: «It breaks your neck/ It builds you a delicate shrine.» Det dreier seg om ein låt full av vemod og varme, over noko som var, men som no er over.
Waxahatchee – eller Katie Crutchfield, som er artistens eigentlege namn – har vore meld på desse sidene før, men Saint Cloud finn henne på veg i ei ny retning, bort frå den rå, ufiltrerte indierocken somme vil kjenne henne for, og i retning av ei krysning av country og rock, eller americana, om du vil.
Loretta Lynn
Kanskje vil nokre stusse over ei slik vending, men Waxahatchee er allereie i namnet forankra i ein nordamerikansk sørstatsbakgrunn gjennom å vere kalla opp etter ei elv nær barndomsheimen til Crutchfield i Alabama. Vel fann Crutchfield form som artist i pønkrocken i musikkbyen Birmingham i heimstaten i tenåra, men før det igjen vaks ho opp på klassisk country, og det var artistar som Loretta Lynn som fekk henne til å ville lage musikk. Med Saint Cloud vender ho tilbake til det ho gjorde opposisjon mot i ungdomsåra, men på sine eigne premissar.
I songar som «Hell» og «Can’t Do Much» er den emosjonelle intensiteten til Waxahatchee teken godt vare på, men countryavtrykket er sterkt. Og at ein vesentleg transformasjon har funne stad, er allereie tydeleg før du har høyrt ein tone, i omslaget til Saint Cloud, som plasserer Crutchfield i lyseblå kjole på taket av ein rosedekt Ford pickup, mot eit sørstatslandskap som bakgrunn, i ein positur som ikkje hadde vore framand for Loretta Lynn.
Cline og Williams
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.