Tungt og lett frå Haim
Det tredje albumet til søstrene Haim er det beste dei har laga så langt.
Tre søstrer utgjer bandet Haim: Este, Danielle og Alana.
Foto: Universal
«Hey man, what kind of question is that?»
Slik lyder ei av verselinene i «Man From the Magazine», ein av songane på Women in Music Pt. III, det tredje albumet frå Haim som nett er ute. Låten byggjer på ei grim, og diverre sann, forteljing, om møtet Este Haim hadde med ein mannleg musikkjournalist, og er nok eit vitnesbyrd om bransjens seigliva sexisme, i ord og tone.
Det dreier seg om eit velretta knyttneveslag og ei naudsynt påminning om kor smaklaus åtferd somme der ute trur dei kan tillate seg. «Man From the Magazine» er dessutan ein elegant hyllest til Joni Mitchell, som songen heilt tydeleg er inspirert av, og svært passande låner frå, og har ei av dei mest slagkraftige sistestrofene eg kan hugse å ha høyrt frå nokon artist.
Nære forteljingar
Tre søstre utgjer Haim: Este (34 år), Danielle (31) og Alana (28) Haim. Første album, Days Are Gone, kom ut i 2013, og dermed fortel enkel matematikk at yngste blad Haim har brukt tjueåra på å venje seg til livet som artist og medlem i familieband.
Songane på Women in Music Pt. III er fulle av brytingstid og sirklar inn ein del dyrekjøpte erfaringar, ikkje berre på det profesjonelle, men også på det private planet. «Hallelujah», til dømes, er ein gripande låt som fortel om tapet Alana leid då ein nær ven døydde i ei bilulukke for nokre år sidan. Søstrene syng kvar si strofe og fortel om ei takksemd for venskapen seg imellom, som har gitt dei styrke i motgangstid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.