Tumult over heile lina
Titus Andronicus har fått med seg Bob Mould i studio.
Titus Andronicus byd på 38 råe minutt med hjelp frå produsent Bob Mould.
Pressefoto
Rock på frigir! Det er det du får om du skaffar deg An Obelisk, det sjette, kontante og høgst intense albumet frå Titus Andronicus.
Sist eg skreiv om Patrick Stickles og Titus Andronicus her i avisa, var for fire år sidan, då den ambisiøse, uregjerlege rockeoperaen i fem akter (!) The Most Lamentable Tragedy, eit pønkete brøl av eit konseptalbum om schizofreni og angst, såg i alle fall litt av dagens lys.
Ufiltrert
Som førebilete den gongen lista Stickles opp filmskaparen Lars von Trier, komikaren Louis CK og teikneserieskapar Alan Moore – ein interessant miks, og, om ein skal vere litt direkte, alle representantar for kvar si form for kreativ stormannsgalskap, ikkje utan mørke sider. Det operatiske manifisterte seg på The Most Lamentable Tragedy mellom anna i eit orkestralt element som Owen Pallett stod for, og fjorårets A Productive Cough (2018), ein dempa, nedpå affære, inneheldt også symfoniske understraumar, med fleire komposisjonar som strekte seg ut i åtte–ni minutt.
I 2019 er det lite strykearrangement å spore hos Stickles. Sentralt for An Obelisk står nemleg eit tverrgenerasjonelt møte i den ufiltrerte og uornamenterte rockens teikn: Med som produsent denne gongen er Bob Mould, kjend frå Hüsker Dü og mangt anna, og dei 38 råe minutta på det nye albumet har vorte til i Steve Albinis Chicago-studio Electrical Audio.
«Tumult»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.