¿ Truger i skare
Nils Henrik Asheims korverk Muohta kling kaldt.
Det Norske Solistkor.Det Norske Solistkor.
Foto: Lars Erlend Tubaas ØymoFoto: Lars Erlend Tubaas Øymo
Lytt til artikkelen:
CD
Tre sentrale norske komponistar, to levande og éin død, står på repertoaret på Solistkorets nye album, som har namn etter det fyrste verket på plata: Lars Petter Hagens (fødd 1975) Lament frå 2015. Stykket for kor, perkusjon og elektronikk byggjer på eit dikt den amerikanske poeten E.E. Cummings skreiv som seksåring. (Det må ha vore i år 1900.)
Diktet seier meg lite. Men det gjer ikkje så mykje, for orda blir kløyvde og trekte så langt ut i tid at dei kverv bort. Klangeffektane er derimot tiltalande og tidvis gripande, særleg dei vokale. I fyrstesatsen er den roleg bølgande lyden av Solistkorets perfekt intonerte songarar uhyggjeleg klår, og dei kvasse overtonane i andresatsen skjer som sirkelsager i hugen.
Tre språk
Lars Petter Hagens ekstremt horisontale skrivemåte i Lament, der bøyinga og tøyinga av den kompositoriske substansen stoggar forlaupet, er typisk for stilen hans. Slik sett spelar dei to andre komponistane på plata på fleire parameter. Det største verket er Arne Nordheims (1931–2010) Aurora for kor, fire solistar, to slagverkgrupper og elektronikk frå 1984. Her er teksten meir substansiell. Komponisten kombinerer nemleg den siste songen i Dantes Gudommelege komedie med Bibelens 139. salme, den som byrjar med orda «Herre, du ransakar meg og du veit – du veit om eg sit eller står, på lang avstand kjenner du mine tankar». Guds blikk ovanfrå i salmen blir slik kontrastert med komediediktarens blikk opp mot Gud og det guddommelege ljoset.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.