Trommetid
Dolo Percussion slår eit slag for reinspikka perk som musikk.
I nettidsskriftet Pitchforks melding av den nye skiva til Dolo Percussion står det skrive at alle dei musikalske delane har blitt strippa bort. Lat oss avklare dette ein gong for alle: Rytme og perkusjon er ikkje mindre «musikalsk» enn «melodiske» instrument og delemne. Og no når det er tid for nasjonaldag og greier, passar det fint å snakke om trommer.
Bergensbuarar vil truleg den siste tida ha stifta eit (v)årleg kjennskap til skarptromming i offentleg rom, og medan Bergen er den einaste byen som ikkje har kvitta seg med drillfenomenet frå borgarvæpninga kalla bogekorps, byd Oslo til gjengjeld på Det Elektriske Korps, eit «antimarsjerande» trommemaskinkorps som speler det dei kallar «en kompleks polyrytmisk komposisjon til glede og forargelse for de umiddelbare omgivelser» med «kun 5 minutts aspirantperiode».
Forarging, seier du? Ja vel, tromming blir rett nok fort ein høglydt affære, og eg kan forstå dei som finn det ulempeleg å bli vekt tidleg på føremiddagen av trommemarsjar under innøving. Men om du meiner at trommeslageri per definisjon er «bråk», er neppe Dolo Percussions nye plate noko for deg. Eller kan hende er det nettopp for deg ho er, plata, for ho inneheld 16 spor som vitnar om at ein kan gå djupt inn i den musikalske materien med trommemaskiner åleine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.