Triomagi

Roligheten, Eldh og Nilssen har alt som skal til.

Publisert

Dei fleste leiande saksofonistar har gjennom karrieren vore innom det gjennomsiktige og avslørande trioformatet. Fråværet av akkordinstrument gjev fridom, men då er det heller ingen stad å gøyma seg. Gard Nilssen, som om nokre veker skal vera residerande artist i Molde, tok initiativet til denne trioen for fem år sidan. Dei har hausta lovord for båe dei to føregåande platene, Firehouse og Live in Europe, men To Whom Who Buys A Record går dei to første ein høg gang.

Telepatisk samspel

Med denne trioen har Gard Nilssen knekt koden. Ikkje berre er dei tolv låtane svært varierte og nokre av dei små perler, men suksessoppskrifta ligg i samspelet. Saksofonisten André Roligheten har det oppkome av idear som trengst, og han og Eldh har den instrumentkontrollen og rytmiske og harmoniske fleksibiliteten som skal til. Det same kan sjølvsagt seiast om Nilssen. Trass i all individuell virtuositet, ligg nøkkelen i det telepatiske samspelet. Det er tvers i gjennom leikent og tilbakelent, men likevel osar det full kontroll.

Live-innspeling

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement