Musikk

Trio med noko på hjartet

Musikken innyndar seg litt etter litt.

Publisert

Gunhild Seim (44) er ein nestor i norsk jazz. Ho er ein av dei mest profilerte kvinnelege instrumentalistane på jazzfeltet. Ho har i over ti år levert innspelingar i eige namn som har hausta lovord frå den internasjonale fagpressa. Dette gjeld både innspelingane med bandet hennar, Time Jungle, og tingingsverket til Vossa Jazz 2012 Story Water. I tillegg har ho vore ein krumtapp i grunnlegginga av stavangerinstitusjonen Kitchen Orchestra.

Dette er ikkje første gong Seim og Crispell samarbeider. Sistnemnde var gjest på Time Jungle-innspelinga Elephant Wings. I samarbeid med den amerikanske filosofen og jazzmusikaren David Rothenberg har dei laga musikk som på meisterleg vis sameiner elektronikk og akustiske instrument. Rothenberg har i lang tid vore oppteken av dyrelydar som musikk, og har duettar med trast og australsk lyrehale på samvitet. Dette høyrer ein att i musikken.

Kollektiv

Plata er sett saman av åtte kollektivt komponerte låtar, og av desse er «Tundra», «Onyx» og «Grenseland» improvisatoriske tours de force. Førstnemnde er eit høgdepunkt med alle sine skiftande stemningar og sitt rike klangregister. Crispell er heile vegen i sentrum med kombinasjonen piano og tamburin og vokal, og i tillegg får me servert ein varm, men likevel avmålt samtale mellom klarinett og trompet.

Nye gullkorn

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement