JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Trio av internasjonalt format

Albumet Being byr på leik og perfeksjon i sjeldan blanding.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1862
20210312
1862
20210312

Jazz

Eyolf Dale:

Being

Eyolf Dale, piano og ampli-celeste, Per Zanussi, bass og sag og Audun Kleive, trommer.
Edition Records EDN1167

Eyolf Dale har med åra utvikla seg til å bli ein av dei fremste jazzpianistane her på berget. Det er ikkje berre som pianist han har teke store steg. Han framstår også som ein særs interessant komponist og arrangør gjennom samarbeidet med Scheen jazzorkester og hans eigen Wolf Valley-oktett.

Både komposisjonane og arrangementa står sentralt i denne bautaen av ei trioplate, men det er den spontane skapinga av musikk mellom tre musikantar fullstendig på bølgelengd som gjer at plata hevar seg godt over gjennomsnittet.

Kommunikasjonen gjev ein leiken fridom som trioen aldri tøyer for langt. Dei er lojale mot det heilskaplege. Arrangementa er minimalistiske, og ein sit aldri att med kjensla av at dei har lagt rigide grenser for den improvisatoriske tilnærminga. Trioen greier det kunststykket å skapa åtte tilnærma formfullenda stykke og likevel etterlata seg inntrykket av at dette er skapt i uendeleg stor fridom.

«Ace» er ein Jarrettsk vamp som etter kvart tek overraskande vendingar og fører Dale og Kleive inn i nærkamp med Zanussi, som det groovande ankeret. I den sambaliknande «Northern Brewer» viser Dale fram Bill Evans-sida av pianospelet sitt.

Ingen kan som Kleive groova så frenetisk med eit par vispar og ei skarptromme, og Zanussi dansar av garde med effektiv bruk av pausar og registeret på bassen. I hyllinga til Misha Alperin, «Behind 315», skapar Zanussi fantastisk musikk med sag. Oftast er dette «instrumentet» brukt som ein gimmick, men her er det i front på eit av dei sterkaste stykka på plata. Åtte krutsterke meldingar!

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis