Transformasjon og kontinuitet

Særprega musikk i spenningsfeltet mellom elektronikk og det akustiske.

Publisert

Christian Wallumrød har hatt ensemblet sitt som hovudprosjekt sidan 2003, då den fantastiske Sofienberg Variations kom ut på ECM. Noko i musikken er då som no umiskjenneleg wallumrødsk, men med Many har han utvikla uttrykket meir enn før. Han utfordrar seg sjølv, ensemblet og lyttarane i forholdet mellom komposisjon, arrangement og improvisasjon.

Besetninga er den same som på den førre Hubro-utgjevinga, Kurzsam And Fulger (2016), men no har alle fått lagt til elektronikk i instrumentariet sitt. Det gjer klangpaletten mykje rikare. Det klanglege aspektet i musikken er heilt sentralt. Ein kan gjerne finna referansar til konkret musikk eller pionerane innan elektroakustisk musikk, men for meg er det like relevant å sjå til dei mange palettvirtuosane i biletkunstsoga. Det er noko ekstremt gjennomarbeidd i det Wallumrød og medmusikantane hans held på med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement