Transformasjon og kontinuitet
Særprega musikk i spenningsfeltet mellom elektronikk og det akustiske.
Jazz / samtidsmusikk
Christian Wallumrød Ensemble:
Many
Christian Wallumrød, piano, trøorgel og elektronikk; Eivind Lønning, trompet og elektronikk; Espen Reinertsen, saksofon, blokkfløyte og elektronikk; Tove Törngren Brun, cello og elektronikk; Per Oddvar Johansen, trommer, vibrafon og elektronikk. HUBRO HUBROCD2631
Christian Wallumrød har hatt ensemblet sitt som hovudprosjekt sidan 2003, då den fantastiske Sofienberg Variations kom ut på ECM. Noko i musikken er då som no umiskjenneleg wallumrødsk, men med Many har han utvikla uttrykket meir enn før. Han utfordrar seg sjølv, ensemblet og lyttarane i forholdet mellom komposisjon, arrangement og improvisasjon.
Besetninga er den same som på den førre Hubro-utgjevinga, Kurzsam And Fulger (2016), men no har alle fått lagt til elektronikk i instrumentariet sitt. Det gjer klangpaletten mykje rikare. Det klanglege aspektet i musikken er heilt sentralt. Ein kan gjerne finna referansar til konkret musikk eller pionerane innan elektroakustisk musikk, men for meg er det like relevant å sjå til dei mange palettvirtuosane i biletkunstsoga. Det er noko ekstremt gjennomarbeidd i det Wallumrød og medmusikantane hans held på med.
Alle dei sju stykka på plata er førte i pennen av Wallumrød, og ensemblet bidreg i varierande grad med arrangeringa, men vesentlege kvalitetar ved musikken lèt seg vanskeleg notera. Musikken er minimalistisk, utan at det seier all verda, men Wallumrød har ei sjeldan evne til å skapa spenning ved at små skifte i seriar av repetisjonar utkrystalliserer seg og blir milepålar i det musikalske forløpet. Dette er ei viktig plate.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB