Trampolinehopping og kunsttekno

Framifrå eksperimentell teknopop signert vidgjeten biletkunstnar.

Bonoboen, dvergsjimpansen, dukkar opp i Powell Tillmans video på Youtube.
Bonoboen, dvergsjimpansen, dukkar opp i Powell Tillmans video på Youtube.
Publisert

Sjølv om det knapt kan diskuterast at den tyske kunstnaren Wolfgang Tillmans er ein utkropen kunstnar som handsamar problemstillingar med stor relevans for tida vi lever i – persepsjon, utanforskap og aksjonisme – er minnet eg har om soloutstillinga There were 30 years between 1943 and 1973. 30 years from 1973 was the year 2003. på Hamburger Kunstverein i 2017, knusktørt. Det var nok derfor forventningane ikkje var høge då eg blei klar over at Tillmans nyleg gav ut ei plate saman med den elektroniske musikkprodusenten Oscar Powell. Men nyfiken var eg, og eg blei positivt overraska då lydbølgjene traverserte øyregangane mine.

Ambivalens

Det vil seie, første reaksjon var ein slags fengslande ambivalens. Opningssporet på plata, «Feel the Night», er ein svært merkeleg hybrid av kompromisslaust eksperimentell elektronisk instrumentering og sukkersøt, 90-talsaktig europeiske tyggegummiteknopopklisjear. Resten av spora tek form av likeins hakkete syntheksperimentering og Tillmans’ effektbelagde poesi – framført med sjarmerande tysk aksent – i ymse blandingsforhold. Ved nærare lytting dukkar det fram nærast dansbare, fengjande kvalitetar, og det heile er ganske framifrå.

Musikkvideoar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement