Trampolinehopping og kunsttekno
Framifrå eksperimentell teknopop signert vidgjeten biletkunstnar.
Bonoboen, dvergsjimpansen, dukkar opp i Powell Tillmans video på Youtube.
Stillbilete frå videoen
Elektronika
Powell Tillmans:
Spoken By The Other
XL Recordings
Sjølv om det knapt kan diskuterast at den tyske kunstnaren Wolfgang Tillmans er ein utkropen kunstnar som handsamar problemstillingar med stor relevans for tida vi lever i – persepsjon, utanforskap og aksjonisme – er minnet eg har om soloutstillinga There were 30 years between 1943 and 1973. 30 years from 1973 was the year 2003. på Hamburger Kunstverein i 2017, knusktørt. Det var nok derfor forventningane ikkje var høge då eg blei klar over at Tillmans nyleg gav ut ei plate saman med den elektroniske musikkprodusenten Oscar Powell. Men nyfiken var eg, og eg blei positivt overraska då lydbølgjene traverserte øyregangane mine.
Ambivalens
Det vil seie, første reaksjon var ein slags fengslande ambivalens. Opningssporet på plata, «Feel the Night», er ein svært merkeleg hybrid av kompromisslaust eksperimentell elektronisk instrumentering og sukkersøt, 90-talsaktig europeiske tyggegummiteknopopklisjear. Resten av spora tek form av likeins hakkete syntheksperimentering og Tillmans’ effektbelagde poesi – framført med sjarmerande tysk aksent – i ymse blandingsforhold. Ved nærare lytting dukkar det fram nærast dansbare, fengjande kvalitetar, og det heile er ganske framifrå.
Musikkvideoar
I same slengen snubla eg over dei fem musikkvideoane til Tillmans’ forrige EP, Heute Will Ich Frei Sein, utgjeven tidleg i 2018. Her er det tale om ei samling enkle, men effektive elektroniske songar sett til videoklipp av performativ natur ute i naturen, andre med trampolinehoppande bonoboar eller Newton-teleskopet som protagonist – og dei er tilgjengelege, gratis, på kunstnarens eigen Youtube-kanal.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.