JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Tradisjonelt og godt

Bassisten Oddmund Finnseth er ein god låtskrivar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1957
20210129
1957
20210129

Jazz

Oddmund Finnseth:

Dedi­cations

Roy Nikolaisen, trompet og flygelhorn; Alan Barnes, altsaks og klarinett; Øystein Norvoll, gitar; Oddmund Finnseth, bass og vokal; Roger Johansen, trommer; Kenneth Ekornes, perkusjon (2, 5, 10 og 12); Eilif Hallingstad Finnseth, trommer (11). Finito Bacalao Records

Bassisten Oddmund Finnseth frå Sortland platedebuterer i ein alder av 63. Han har vore frilans jazzmusikar heilt sidan slutten av 1980-åra, då han studerte ved jazzlinja i Trondheim. Han var medlem av Asmund Bjørkens orkester og Bjørn Krokfoss oktett. Etter at han vende nordover att, har han vore med i Marit Sandviks Bossa nordpå i tillegg til eigne og ei mengd ad hoc-prosjekt, men det meste av arbeidskapasiteten har han brukt som pedagog ved vidaregåande skular i både Sortland og Harstad.

Finnseth har også skrive alle elleve låtane på plata. Sambaen «O Passado e o Futuro» er også spelt inn i ein bossanovaversjon. Stilistisk plasserer han seg i ein 50–60-tals mainstreamtradisjon, men han flørtar også med latinamerikanske former og funken. Han har sans for velformulerte melodilinjer og effektive riff. Det heile er trygt innanfor tradisjonen.

Bandet er handplukka for denne innspelinga i Rainbow Studio. Norvoll og Johansen høyrer båe til Finnseths musikalske kohort, men det er uråd å høyra at nokon i dette bandet er femte hjul på vogna. Barnes er virtuos både på altsaksen og klarinetten. I klarinettkoret på «Karin» er all briljering lagd til side. Då er alt berre vakkert. Norvoll spelar som alltid økonomisk og tenksamt. Roy Nikolaisen rår tydelegvis over ei utømmeleg kjelde av melodiske kor. Finnseth spelar kor på bassen, scattar og kombinerer desse i beste Slam Stewart-stil. Likar du eit klassisk jazzuttrykk spelt med overskot og overtyding, er plata Dedications noko for deg.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis