Musikk
Tøffare enn toget
Kombinasjonen av eit massivt og glasklart lydbilete er det som imponerer mest.
Nok eit festivalprosjekt har materialisert seg på plate. Denne gongen er det ei felles tinging frå Jazzfest i Trondheim og Moldejazz som har resultert i dampande og sydande musikk frå eit sterkt stjernespekka lag med lokførar og fyrbøtar Kvernberg i front. Han får god hjelp av bassist Hængsle og tre trommeslagarar/perkusjonistar i kolskuflinga. Sjølvsagt er Kvernberg komponist og arrangør.
Medrivande
I tillegg til å vera proppfull av medrivande musikk er Steamdome også eit eklatant prov på breidda i den musikalske orienteringa og det enorme potensialet i Kvernbergs skaparkraft. Det er ikkje meir enn tre år sidan han gav ut Mechanical Fair, ei utgjeving der strykeinstrumenta hadde ein meir framskoten plass og der inspirasjonen var henta frå den klassiske eller samtidsmusikalske verda.
Organisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.