Tinging med historiske røter
Musical Balloon er ein fin miks av det skrivne og det improviserte.
Jazz
Eirik
Hegdal:
Musical Balloon
Eirik Hegdal, C-saksofon, klarinett og bassklarinett; Eivind Lønning, trompet og pikkolotrompet; Nils-Olav Johansen, gitar, banjo og vokal; Mattias Ståhl, vibrafon; Ole Morten Vågan, bass; Jon Fält, trommer.
PARTICULAR RECORDINGS COLLECTIVE P!22CD
Musical Balloon var tingingsverket til Vossa Jazz 2018. Musikken er teken opp frå urframføringa på festivalen. Den laussleppte stemninga frå konserten er overført på glimrande vis til CD-mediet. I førekant av konserten kom Hegdal med følgjande programerklæring: «Lyden av dette ensemblet, slik jeg hører den i hodet mitt når jeg tenker på de utrolig fargerike musikerne jeg har vært så heldig å få med på ballongferden, er altså den røde tråden. Så da gjenstår det bare å velge hva det er som skal henge på tråden!»
Kjærleikserklæring
Ballongane Hegdal har hengt på tråden eller trådane, er ni komposisjonar som hentar sterk og utilslørt inspirasjon frå ulike delar av jazzsoga. «One for All The Parkers», «The Bee Bop Balloon Variation» og «Mile Saloon» talar for seg. Det er likevel ikkje slik at denne inspirasjonen manifesterer seg med ein periode, ei stilretning eller ein musikar per låt. Nei, her er det ei salig blanding. Den raude tråden er ei kjærleikserklæring til jazzen som har vore gjennom ein original suite som på eksemplarisk vis sameiner det komponerte og det improviserte.
Djervt
Med eit relativt lite, men særs kreativt ensemble og eit breitt instrumentarium får Hegdal ein rik klangpalett å spela på, samstundes som han held på den tette kommunikasjonen i bandet og dei djerve improvisasjonane. «Country March Balloon» samanfattar det heile på overveldande og humoristisk vis.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE