Tilbake til Mount Morris Park

Summer of Soul er ein umisteleg musikkdokumentar av beste sort.

Musikkfestivalen Harlem Cultural Festival i 1969 vert vekt til live i Questloves nye dokumentarfilm.
Musikkfestivalen Harlem Cultural Festival i 1969 vert vekt til live i Questloves nye dokumentarfilm.
Publisert Sist oppdatert

Allereie idet artisten plasserer seg ved tangentane, kan ein merkje kor intens og fokusert den 36 år gamle Nina Simone er, og så framfører ho «Backlash Blues» som om ho rettar kvart ord til kvar og ein som har møtt fram – og oss som ser på no, alle desse åra seinare.

Scenen er å finne i Summer of Soul, ein konsertfilm som har vorte teken imot med panegyriske omtalar sidan premieren på Disney + for eit par veker sidan. Det er ingen grunn til å protestere mot alt skrytet. At denne filmen må føre med seg ein musikkfilmhistorisk revisjon, er det etter mitt syn liten tvil om.

Opptaka som utgjer storparten av Summer of Soul, er frå ein musikkfestival som føregjekk over nokre helger i Harlem i New York i 1969, og det eine høgdepunktet følgjer det andre. Ansvaret for å leie oss gjennom alt og kontekstualisere med ulike arkivklipp og intervju av nyare dato har hiphopartisten og musikkprodusenten Ahmir «Questlove» Thompson fått, og dette er ei oppgåve han løyser med kløkt, presisjon og stil – og med ein fantastisk lydproduksjon, som er ei oppvisning i den kombinerte, rytmiske bruken av klipp og lyd.

Men så er det jo heller ikkje til å tru at ikkje meir av dette materialet har vorte skikkeleg presentert før, så sterkt som det er. Høgdepunkta kjem tett, med ein Stevie Wonder i storform, og Sly and the Family Stone i fyr og flamme. I ein ugløymeleg duett møter Mahalia Jackson ein ung Mavis Staples, og i ei gripande stund minnest dei to Martin Luther King som vart drepen året før.

Viktig er det også at Staples og son til Jackson, Musa, som berre var ein gutunge, får fortelje om korleis det var å vere der, i Mount Morris Park (også kjend som Marcus Garvey Park i nyare tid), i 1969. Musa Jackson var fire år då han var med på Harlem Cultural Festival, og det å få vere med på hans møte med dei gamle opptaka er noko langt meir enn nostalgisk mimring. Snarare tilfører desse stundene filmen ein sentral sosiopolitisk dimensjon. For Jackson er Hal Tulchins timevis med filmopptak ei stadfesting av at minnet om at noko viktig hende den gongen, ikkje var ein fantasi. Tulchin og medarbeidarane hans hadde fem kamera med seg i Mount Morris Park, og han trudde han hadde det som trongst til ein fantastisk TV-spesial, men alle fjernsynsselskapa takka nei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement